Gottne

Koordinatar: 63°25′47″N 18°25′22″E / 63.429632°N 18.422699°E / 63.429632; 18.422699
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°25′47″N 18°25′22″E / 63.429632°N 18.422699°E / 63.429632; 18.422699 Gottne er ein tettstad i Örnsköldsviks kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i Sverige, og fekk statusen «tettstad» i 1980.

Nokre kilometer herfrå låg Gottne station som var tilknytt Norra stambanan, og rundt denne voks ein tettstad fram som i 2012 heiter Västra Gottne. Veksten stagnerte då jernbanestasjonen blei lagt ned i 1963.

Gottne er den største grenda i området som lokalt blir kalla Gottnebygden. Dette omfattar Hållen, Söderå, Gottne, Östansjö og Sågbacken. Grenda ligg i ein dal der Utterån møter Moälven. Det har mellom anna blitt gjort arkeologiske funn av pilspissar av flint her, desse er truleg frå den yngre steinalder (cirka 3 000 år før Kristus).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]