Goughøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gough Island)
Hopp til navigering Hopp til søk
Goughøya
øy
Gough island top view.png
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Region St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha
Stad Sør-Atlanteren
Lengd 13 km
Breidd km
Høgd 910 m
Areal 91 km²
Wikimedia Commons: Gough Island

Goughøya, òg kjent historisk som Gonçalo Álvares etter den portugisiske utforskaren, er ei vulkansk øy i Sør-Atlanteren. Administrativt er ho ein del av øygruppa Tristan da Cunha og ein del av det britiske oversjøiske territoriet St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha. Øya har ikkje folkesetnad, sett bort frå personellet på ein vêrstasjon (vanlegvis seks personar) som det sør-afrikanske nasjonale antarctic-programmet har oppretthalde kontinuerleg på øya sidan 1956. Dette er ein av dei meste avsidesliggande stadane med konstant menneskeleg nærvære.

Goughøya ligg ca. 400 km søraust for Tristan da Cunha-øyane, 2400 km nordaust for Sør-Georgia, 2700 km vest for Cape Town og over 3200 km frå det næraste punktet i Sør-Amerika. Flatevidda er ca. 90 km².

Nesten alle verdas par av tristanalbatross, Diomedea (exulans) dabbenena, hekkar på denne øya. Dessutan hekkar òg gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, sotalbatross, Phoebetria fusca, og mange andre stormfuglar på Goughøya. Tanagaren goughsporv, Rowettia goughensis, er ein fugleart som er endemisk til øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]