Grágás

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grágás (’’Grågås’’) er ei gammal islandsk lovbok som inneheld lovene frå fristatstida. Lovene vart nedteikna vinteren 1117-18, men grunndraga i lovene skriv seg attende til 900-talet. Lovene var i bruk til 1271 då Island var kommen under norsk styre og fekk ei ny lovsamling, Járnsíða, utarbeidd av Magnus Lagabøte . Men mange stykke frå Grágás vart likevel vidareførte i lovboka Jónsbók frå 1280 og i seinare islandske lover.

Grágás er den største og mest innhaldsrike av alle germanske lovbøker. Boka er ei viktig kjelde til islandsk kultur og samfunnstilhøve i fristattida. Det finst to hovudhandskrifter av Grágás, «Konungsbok» og «Stadarholsbok», begge frå 1200-talet.

Namnet Grágás er ikkje kjent brukt om denne lovboka før på 1500-talet. Namnet Grågås er òg brukt om ei trøndersk lovbok frå høgmellomalderen og ei jordebok over kyrkjegodset til Stavanger bispedømme frå tidleg 1600-tal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]