Hopp til innhald

Grängesberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grängesberg
tettstad
Land  Sverige
Areal 256 km²
Folketal 2 119 (31. desember 2023)[1]
Kart
Grängesberg
60°04′27″N 15°00′34″E / 60.074138058386°N 15.009317764165°E / 60.074138058386; 15.009317764165
Wikimedia Commons: Grängesberg

Grängesberg er ein tettstad i Ludvika kommun sør i Dalarna (Dalarnas län). Grängesberg har kring 3 500 innbyggarar.

Grängesberg er dominert tidlegare av jernmalmbrytinga ved Grängesbergs malmfelt som pågjekk frå 1500-talet fram til 1989. I januar 1990 gjekk det siste malmtoget frå Grängesberg til Oxelösund.

Grängesbergsbolaget hadde i løpet av ein lang periode den største jernmalmsflotta i verda og ved hundeårsskiftet 1899-1900 var Grängesbergsbolaget det mest lønsame føretaket i Sverige. I denne perioden voks Grängesberg særs raskt, i løpet av ti år vart folketalet tredobla. Malmfeltet i Grängesberg var Bergslagens største og den største eininga var det ein kilometer lange Exportfältet.

På starten av 1900-talet vart gruvdrifta drive under bakken og på starten av 1970-talet braut ein i Grängesberg opp til fire millionar tonn malm pr år. Det underminerte bakken og i løpet av 1970-talet flytta ein sentrum i Grängesberg 500 meter austover. Grängesbergs tidlegare sentrum, på folkemunne kalla Gamla Grängesberg, har anten rast ned i gruva eller ligg bakom avsperringar.

Ortnamnet inneheld soknenamnet «Gränge», no Grangärde, og ordet «berg» i tydinga ‘bergverk’ eller ‘gruvefelt.

GRUFA i Grängesberg er ein samskipnad som har som mål å skape ei permanent utstilling for å syne gruvearbeidarane sitt faglege og sosiale arbeide. Samskipnaden vil gjennom profesjonell forsking kring gruvesamfunnet gi eit bilete av gruvearbeidet, livet i gruvesamfunnet og gruvearbeidarane sin innsats i samfunnet.

Historiske bilete

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Grängesberg