Gråhø i Lesja

Koordinatar: 62°04′17″N 8°06′36″E / 62.07147°N 8.11010°E / 62.07147; 8.11010
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Gråhøe i Lom kommune
Gråhø i Lesja
fjell
Land  Noreg
Område Lesja (Innlandet)
Fjellområde Reinheimen
Høgd 2 014 moh.
Primærfaktor 985 m
Koordinatar 62°04′17″N 8°06′36″E / 62.07147°N 8.11010°E / 62.07147; 8.11010
Kart
Gråhø i Lesja
62°04′26″N 8°05′02″E / 62.07383°N 8.08391°E / 62.07383; 8.08391

Gråhø eller Store Gråhø (2014 moh) er det høgaste fjellet i Reinheimen. Somme kallar fjellet for 2014 sidan det er namnlaust på det mest brukte kartet,[1] men lokalt blir fjellet kalla Løyfthøe (kjem av Nørdre og Søre Løyftet som er gamle ferdselsvegar opp frå Lordalen). Likevel har fjellet fått namnet Gråhøe på nokre offisielle kart, og denne namneforme vert bruka både av Turistforeninga og NVE. Fjellet ligg i Lesja kommune i Innlandet. Dette fjellet er òg den mest isolerte 2000-metertoppen i Noreg (størt sekundærfaktor) og ein må faktisk gå fleire mil for å finne dei neste fjellmassiva som når opp over 2000-meters grensa.

Fjellet er det 186. høgaste av fjella i landet med ein primærfaktor på minst 50 meter. Andre toppar i massivet er Vestre Gråhø (1959 moh) og Midtre Gråhø (1945 moh)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddmund Vestenfor Namneansvarleg region aust, Statens kartverk, arkivert frå originalen 12. oktober 2004, henta 24. august 2008 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.