Gråhovudsultanhøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråhovudsultanhøne
Frå Mangaon, Maharashtra, India Foto: Shantanu Kuveskar
Frå Mangaon, Maharashtra, India
Foto: Shantanu Kuveskar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Porphyrio
Art: Gråhovudsultanhøne P. poliocephalus
Vitskapleg namn
Porphyrio poliocephalus
Egg

Gråhovudsultanhøne (Porphyrio poliocephalus) er ein vassfugl i riksefamilien, Rallidae. Arten har utbreiingsområde i sørlege Asia, rundt Kaspihavet og frå Irak austover til Pakistan. Det finst to registreringar i Noreg av denne arten i 1923.[1] Han er introdusert til Florida i USA. Tidlegare var dette taksoneit rekna som nominatunderarten av sultanhønekomplekset.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråhovudsultanhøner har utsjånad mykje som blåsultanhøne i Sørvest-Europa, men skil seg med varierande grad av lysare hovud.[2] Storleiken på rundt 45 - 50 centimeter varierer med lengdgraden, og avtar austover i utbreiingsområdet.[3]

Det er skildra tre underartar utan overlappande utbreiing:[4]

  • P. p. caspius (Hartart, 1917) området rundt Kaspihavet og ein avgrensa bestand i sørlege Tyrkia, liknar poliocephalus med lysare gråtona hovud, men er større.
  • P. p. seistanicus (Zarudny & Harms, 1911) lever frå Irak austover til Pakistan, som poliocephalus, men større, og mindre enn caspius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Morten Bergan (NNKF) Norske navn på sultanhønekomplekset Norsk Ornitologisk Forening 22.11.2016, henta 25. mai 2017
  2. Grimmett, Richard; Inskipp, Carol; Inskipp, Tim; Baral, Hem Sagar (22. september 2016). Birds of Nepal: Revised Edition. Bloomsbury Publishing. ISBN 978-1-4729-2568-8. 
  3. Taylor, B. (2017) Purple Swamphen (Porphyrio poliocephalus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. mai 2017
  4. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. november 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gråhovudsultanhøne