Gråkallen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Gråkallen | |||
fjell | |||
Gråkallen sett frå Storheia
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Trondheim (Trøndelag) | ||
Høgd | 551 moh. | ||
Lettast tilkomst | Veg | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Gråkallen | |||
Wikimedia Commons: Gråkallen | |||
Gråkallen er eit fjell i Bymarka i Trondheim. Gråkallen er med sine 552 meter over havet[1] det nest høgaste punkt i Bymarka.
Gråkallen har to karakteristiske radarkuplar som er ein del av Luftforsvaret sin kontroll- og varsling som tidlegare vart utført frå Luftforsvarets stasjon Gråkallen. Denne stasjonen vart nedlagt i 2002,[2] og radarhovudet er no underlagt Luftforsvarets stasjon Måkerø.
Gråkallen skisenter vert drive av Trondhjems Skiklub i Vintervannskleiva ved Gråkallen.[3][4] Trondhjems Skiklub driv òg skileikanlegget Gråkallen Skileik.[5]
Ved Gråkallen låg hoppbakken Gråkallbakken der Gråkallrennet vart arrangert av Trondhjems Skiklub frå 1899.
Serveringsstaden Skistua ligg ved Gråkallen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gråkallen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2008.
Fotnotar[endre wikiteksten]
- ↑ Toppomania - Trondheim kommune
- ↑ Forsvaret mer på hjemmebane
- ↑ Trondhjems Skiklub
- ↑ adressaguiden.no
- ↑ adressaguiden.no
