Gråkinnskogtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gråkinnskogtrast

Status i verda: LC Livskraftig

Gråkinnskogtrast Foto: Francesco Veronesi
Gråkinnskogtrast
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Catharus
Art: C. minimus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Gray-cheeked thrush
  • Vitskapleg namn
    Catharus minimus
    Lafresnaye, 1848

    Gråkinnskogtrast (Catharus minimus) er ein fugl i trastefamilien som hekkar i Nord-Amerika og i austlegaste Sibir. Han er ein langdistansetrekkfugl med overvintring i nordlege Sør-Amerika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Utbreiing

    Gråkinnskogtrast er ein liten trast, ca. 17–18,5 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt på 26–50 gram.[1] Dette er mindre enn minste trastearten i Noreg, raudvengtrast. Eit kjenneteikn for arten og andre i slekta er ei iaugefallande teikning av lengdeband på undervengen i kvitt og mørkt, berre synleg i flukt.[2] Fargene i fjørdrakta på ein fugl som sit er omtrent som ein måltrast, olivenbrun overside, nesten kvit underside med mørke markeringar som blir lysare bakover sidene.

    Gråkinnskogtrasten er ein amerikansk trasteart som hekkar i Alaska, austover i eit breitt belte over nordlege Canada til og med Newfoundland, dessutan på vestsida av Beringsundet i austlegast Sibir aust for Kolymaelva. Overvintring skjer i nordlegaste Sør-Amerika aust for Andes. Sørgrensa er nordlegaste Bolivia. Nokon fuglar kan overvintre i delar av Dei store Antillane.[1]

    Hekking skjer i skogshabitat på taiga med underskog og på tundra med krattskog. Om vinteren føretrekk dei skogshabitat, helst under 1500 moh.[1]

    Føda er mange typar leddyr som maur, biller, bier, årevengjer, larver og anna, desutan blautdyr og noko frukt.[1]

    Arten er særs talrik, estimert til ca. 12 millionar individ. Han er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Spontant i Noreg

    Eit individ av arten er registrert på Ona i Sandøy kommune, Møre og Romsdal i oktober 2009, ein annan på Utsira i Rogaland i oktober 1973.[4] Det er meir enn 90 andre registreringar i Europa, dei fleste i Storbritannia og med ein topp i oktober månad.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Collar, N. & Christie, D.A. (2019). Gray-cheeked Thrush (Catharus minimus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. september 2019
    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Collar et al in HBW Alive (2019)
    2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Catharus minimus. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. september 2019
    4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 12. september 2019. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gråkinnskogtrast