Gråstrupedukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gråstrupedykkar)
Gråstrupedukkar
Gråstrupedukkar
Gråstrupedukkar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde ██ Alle årstider ██ Overvintringsområde
██ Hekkeområde ██ Alle årstider ██ Overvintringsområde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Gråstrupedukkar P. grisegena
Vitskapleg namn
Podiceps grisegena

Gråstrupedukkar (Podiceps grisegena) er ein fugl i dukkarfamilien med habitat i tempererte områda av nordvestlege Nord-Amerika, Asia og austlege Europa. Arten føretrekker grunne ferskvasshabitat som hekkehabitat, slik som mindre innsjøar og små tjørner. I Fennoskandia hekkar han aust og sør om Noreg. Arten er ein trekkfugl med overvintringshabitatet stort sett avgrensa til rolege farvatn ved kysten, nokre fuglar kan overvintre på store innsjøar. Langs norskekysten finst dei frå Trøndelag og sørover, og nordsjøkystane er overvintringsstader for eurasiatiske fuglar.

Gråstrupedukkaren er no plassert i slekta Podiceps som vart etablert av den engelske naturforskaren John Latham i 1787.[1] Slektsnamnet Podiceps kjem frå latin podicis, «anus», og pes, «fot», og er ein referanse til at føtene er plasserte mot enden av kroppen. Artsnamnet grisegena er frå latin griseus, «grå» og gena, «kinn» og refererer til andletsmønsteret i hekkedrakta.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Anchorage, Alaska
Foto: Donna Dewhurst
Bilete frå København
Foto: Donald Hobern

Gråstrupedukkaren er ein middels stor dukkar, mindre enn toppdukkar i Eurasia, og mindre enn gulnebbdukkar og svanedukkar i Nord-Amerika, men er merkbart større enn andre nordlege dukkarartar. Vaksne fuglar av den europeiske underarten er 40–50 cm lange med eit gjennomsnittleg vengespenn på 77–85 cm, og veg 550–1000 gram.[3] Fuglar i hekkedrakt har raudbrun hals og svart hette i kontrast til lys gråe kinn og strupeområde som er opphav til det vitskaplege og det norske artsnamnet. Oversida er brungrå og flankane lyse med striper. Auga er mørkebrune og det lange, spisse nebbet er svart med ein gul base. Fuglar som ikkje hekkar og fuglar i vinterdrakt er litt mindre iaugefallande. Kjønna er like i utsjånad, men hannen er i gjennomsnitt tyngre enn hoa. Nyklekte ungar har stripa hovud og bryst, og eldre ungar har eit stripa andlet, diffus svartaktig hette, bleikraud hals og omfattande gult på nebbet.

Gråstrupedukkaren flyg med den lange halsen utstrekt og dei store føtene hengande bak kroppen, noko som gjev han ein utstrekt utsjånad. Dei relativt små vengene er grå med kvite sekundærfjører, og dukkaren slår vengene med høg frekvens. Det relativt litle vengeområdet betyr at dukkaren ikkje er i stand til å ta av frå land, og treng ein distanse på 50-60 meter med opent vatn for å få farta som trengst for å ta av. Som alle dukkarar, er gråstrupedukkar ein god symjar, ein spesielt rask dukkar, og reagerer på fare ved å dukke i staden for å flyge. Han bruker føtene til framdrift under vatn, og styrer ved å rotere beina, sidan halen er for kort til dette føremålet. Føtene er plasserte langt bak på kroppen, noko som gjer fuglen klønete på land.

Han har òg eit forseggjord spel og ei rekke høge paringsrop. Paret finn saman på overvintringsstaden før vårtrekket. Når paret er framme på hekkeplassen tar begge til med å bygge reiret av vassplantar over flytande vegetasjon i ein grunn innsjø.

Dette er ein av dei mest vokale dukkarartane i hekkesesongen, men til liks med slektningane sine er han hovudsakleg stille resten av året. Han har eit høgt, jamrande eller hylande spellæte «uooooh», gjeve av ein enkelt fugl eller eit par i duett, om natta eller om dagen, og ofte frå skjulestaden. Lange sekvensar på opptil 60 følgjande tonar kan høyrast i møte mellom rivaliserande territoriale fuglar. Eit stort utval av kvakk, klukkande, susande, raslande og spinnande læte med mykje individuell variasjon kan òg høyrast.

Gråstrupedukkaregg

Ein stor part av føda til gråstrupedukkar er fisk, anna byttedyr er vasslevande virvellause dyr, insekt og larvane deira, og nokre gongar amfibium. Han svelgjer òg sine eigne fjør, kanskje for å verne fordøyingssystemet. IUCN kategoriserer arten som livskraftig, den globale populasjonen er estimert til 190 000-290 000 individ og minkande, men i Europa er populasjonen trudd å vere aukande.[4]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Hekkinga skjer i grunne ferskvassjøar, buktar med større innsjøar, våtmark og andre innlandsvatn, ofte mindre enn 3 hektar i utstrekking og mindre enn 2 meter djupe. Gråstrupedukkaren viser ein preferanse for vatn i skogkledde område eller i busktundra lengst nord, og favoriserer stader med rikeleg framvekst, som siv.[4] Den amerikanske underarten er mindre knytt til ein høg vassplantetettleik, og hekkar nokon gongar på ganske opne innsjøar.[5]

Alle populasjonar er flyttfuglar og overvintrar hovudsakleg på havet, vanlegvis ved elvemunningar og bukter, men ofte godt utanfor kysten der fisken er innan rekkevidde ved dukking nær grunne bankar eller øyar. Den føretrekte passasjen og overvintringshabitatet er vatn som er mindre enn 15 m djupt med sand- eller grusbotn, spreidde steinar og flekkar med tang.[4] Om vinteren et fuglar typisk åleine og samlar seg sjeldan til flokkar, men ved trekk kan det samlast konsentrasjonar på over 2000 individ på favoriserte rasteplassar.[4] Trekka går vanlegvis om natta, men kan òg føregå i løpet av dagen, spesielt over vatn.

Hekkeområdet til gråstrupedukkaren overlappar med horndukkar, sjølv om den sistnemnde arten har ein tendens til å bli fortrengt frå stader som passar for begge. Gråstrupedukkaren føretrekker eit temperert klima i innlandet, og er mindre vellykka nær kystar og i subarktiske og varme tempererte soner.

Nominatunderarten hekkar frå Sør-Sverige og Danmark gjennom Sentral- og Aust-Europa aust til Vest-Sibir, og overvintrar hovudsakleg ved kystar av Nordsjøen, med mindre tal i sørlegaste Austersjøen, Adriaterhavet, Svartehavet, Kaspihavet, Middelhavet og på innsjøar. P. g. holboelii hekkar i Nord-Amerika i Alaska, vestlege og sentrale Canada, og det nordlege USA aust til Minnesota; i Asia hekkar han i det austlege Sibir frå Kamtsjatkahalvøya, sørover til Hokkaido og vestover til Mongolia. Dei asiatiske fuglane overvintrar til havs frå Japan til Aust-Kinahavet, og amerikanske hekkefuglar overvintrar i Stillehavet, hovudsakleg frå sørlege Alaska til British Columbia, få fuglar sør til California, og i Atlanterhavet frå Newfoundland og Labrador sørover til Florida. Nokre fuglar blir verande på Dei store sjøane viss dei er tilstrekkeleg isfrie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Latham, John (1787). Supplement to the General Synopsis of Birds. London: Printed for Leigh & Sotheby. s. 294. 
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 311, 178. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Stout et al. (2020)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps grisegena. Henta 6. juni 2022
  5. Johnsgard, Paul A. (1987). Diving Birds of North America. Lincoln: University of Nebraska. ISBN 0-8032-2566-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gråstrupedukkar