Hopp til innhald

Gråvengmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråvengmåse
Gråvengmåse
Gråvengmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gråvengmåse
Utbreiinga av Gråvengmåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Gråvengmåse L. glaucescens
Vitskapleg namn
Larus glaucescens

Gråvengmåse (Larus glaucescens), engelsk Glaucous-winged gull, er ein stor, måseart i slekta Larus som hekkar ved Beringhavet. Namnet på slekta kjem frå latin Larus, som truleg vart brukt om måsar eller andre store sjøfuglar. Artsnamnet glaucescens kjem frå nylatin for «glaucous», frå det greske ordet glaukos, som viser til den gråblå farga på vengene.[1]

Gråvengmåsen blir 58–62 cm i kroppslengd, hannar i gjennomsnitt 3 cm lengere enn hoer. Kroppsmassen varierer mellom 890 og 1360 gram.[1] I praktdrakt har arten kvitt hovud, kvit underside og hale. Overside og venger er middels grå. Nebbet er gult med ein raud-oransje flekk nær spissen.

I ikkje-hekkedrakt er hovudet, nakken og frambrystet fint bruntflekka. Nebbet blir då mattare gult, og den raud-oransje flekken manglar som oftast. Ungfuglar er gråbrune, med noko lysare overgump og haleparti. Fjørdrakta på ryggen har lysare kantar, som gir fuglane eit lett skjella utsegn. Nebbet er svart. Først i det fjerde leveåret får gråvengmåsen sin vaksne fjørdrakt.

Gråvengmåsen hekkar langs kystane ved Beringhavet. Hekkeområdet omfattar sør og vest i Alaska inkludert Aleutane, den sørlege delen av Tsjuktsjarhalvøya, Kamtsjatkahalvøya og Kommandørøyane. Arten hekkar berre sjeldan i innlandet.

Han er ein delvis trekkfugl; om vinteren finst han langs vestkysten av Nord-Amerika så langt sør som nedre California, og langs den asiatiske kysten sørover til Japan.[1]

Per 2025 finst det fire godkjente registreringar av gråvengmåse på streif i Noreg.[2]

Gråvengmåsen er ein opportunistisk altetar som et til dømes virvellause dyr, fisk, egg og ungar av andre fuglar. Han er ein predatorsjøfuglar slik som nordstarik, Synthliboramphus antiquus. Gråvengmåsen vil òg utnytte restar av bytte frå andre, større predatorar.[3]

Arten hekkar stundom einskildvis, men vanlegast i små koloniar. Han dannar monogame par, men det skjer òg jamleg pardanning med andre individ. Reiret blir bygd på bar mark og laga av vegetasjon, daude kvistar, tang og anna.[1]

Hoa legg vanlegvis to eller tre egg, som er bleikgrøne eller olivenfarga med mørkebrune flekkar. Rugeperioden varer 26–28 dagar. Begge foreldra ruger og tek del i matinga av ungane. Juvenile blir flygedyktige etter 37–53 dagar. Arten hekkar første gongen ved om lag fire års alder.[1]

Gråvengmåsen hybridiserer ofte med andre store måseartar, mellom anna med kaliforniasvartbak, Larus occidentalis.[1]

Storleiken på den globale populasjonen er større enn 570 000 individ per 2006. Verdas naturvernunion har klassifisert arten som «livskraftig» (LC).[4]

Referansar
  1. 1 2 3 4 5 6 Hayward, J. L. og N. A. Verbeek (2020). «Glaucous-winged Gull (Larus glaucescens), version 1.0.» I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.glwgul.01
  2. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 18. oktober 2025.
  3. «Glaucous-winged Gull Life History». All About Birds, Cornell University Laboratory of Ornithology. Henta 18. oktober 2025.
  4. BirdLife International (2018). «Larus glaucescens». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22694334A132543276.en. Henta 18. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gråvengmåse