Gråvengtrompetfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråvengtrompetfugl
Gråvengtrompetfugl i ein park i Nord-Carolina Foto: Dick Daniels
Gråvengtrompetfugl i ein park i Nord-Carolina
Foto: Dick Daniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gråvengtrompetfugl
Utbreiinga av Gråvengtrompetfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Trompetfuglar Psophiidae
Slekt: Psophia
Art: Gråvengtrompetfugl P. crepitans
Vitskapleg namn
Psophia crepitans

Gråvengtrompetfugl (Psophia crepitans) er ein medlem av den litle trompetfuglfamilien, Psophiidae. Han lever i den nordlege Amazonasregnskogen og på Guayanaskjoldet i tropisk Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråvengtrompetfugl er ein rundt forma, perlehønsliknande fugl med lang, S-forma hals, lange bein og kort gult hønsliknande nebb. Han er 42–52 centimeter lang og 0,75 - 1,5 kilogram i vekt. Den mjuke fjørdrakta er hovudsakleg svart, men i motsetnad til dei andre artane i familien, er oversida med dei sekundære og tertiære flygefjørene grå hos gråvengtrompetfugl.[1]

Dette er sosiale skogsfuglar som hekkar i hòle tre, 8-13 meter over bakken, og legg 3 kvite egg som blir ruga av alle medlemmer av ei gruppe på fem eller fleire fuglar. Når dei ikkje hekkar, kan flokkane vere 50 eller meir. Føda deira er insekt og frukt som dei plukkar frå bakken. Dei er svake flygarar, og vil føretrekke å springe framfor å flyge. Om dei blir pressa flyg dei likevel opp i eit tre.[2]

Denne fuglen blir halden som eit temd fjørkre av urfolk i Amazonas. Trompetfuglane gjer nytte som ein effektiv vaktpost, med sitt høglydte varsellæte. Dei kan òg jakte slangar.[2]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt nær truga, NT. Trugsmåla er avskoging i Amazonasbassenget kor vegetasjonen blir brent ned til kvegdrift og soyaproduksjon, og dessutan av jaktpress.[3]

Underartar med utbreiing
  • P. c. napensis, frå søraustlege Colombia, gjennom austlege Ecuador til nordaustlege Peru, litt inn i nordvestre Brasil
  • P. c. ochroptera, nord for Amazonaselva i nordvestre Brasil, og vest for Rio Negro
Dette taksonet er skild ut som ein sjølvstendig art hos den nettbaserte tenesta Handbook of the Birds of the World Alive.[4]
  • P. c. crepitans, Guayanaskjoldet, medrekna søraustre Colombia, sørlege Venezuela, og dessutan eit vidare område av Nord-Brasil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Sherman, P.T., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. Gray-winged Trumpeter (Psophia crepitans) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. august 2019
  2. 2,0 2,1 Hilty, Steven L. (2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Psophia crepitans Arkivert 2016-07-16 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. august 2019
  4. HBW Alive, Family Psophiidae - oppslagsverk «Handbook of the birds of the world - Alive». Henta 24. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gråvengtrompetfugl