Grössbacke skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle tinghuset i Smedseröd i Ucklum sokn. Staden ligg like ved åsen Grössbacke, som gav namn åt skipreida.

Grössbacke (Grøtsbakka) skipreide var ei skipreide i søre Båhuslen. Ho femna om soknene Norum, Ödsmål, Ucklum, Spekeröd, Jörlanda, Solberga og Hålta, som i dag utgjer Stenungsunds kommun og nordaustre delen av Kungälvs kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Grössbacke skipreide vart omskipa til Inlands Nordre härad.