Grøftefres
Utsjånad


Grøftefres er ei maskin som har vore nytta for å fresa opp grøfter i vassjuk mark som myr og torv, for å gje betre veksttilhøve for skog. Etter at marka har tørka ut vart det planta skog på ho. Ved å fresa i to omgangar kom ein ned til eit djup på rundt 50-60 cm[1]. Grøftefres høvde best der det skulle plantast skog, og grøftene kunne stå opne.
For å redusera marktrykket vart det vart nytta traktorar med halvbelte. Heilbelte gav enda lågare marktrykk, men dei førte til at traktorane vart vanskelegare å manøvra, så heilbelte vart berre nytta på våt myr. Dei fyrste halvbelta hadde fjørbelasta ledehjul, men etter kvart kom det halvbelteutstyr med hydraulisk regulering av ledehjulet, som gav lågare marktrykk på ujamt underlag.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ I. Lie, Grøfting av myr, Opptak frå landbrukshalvtimen, 10. januar 1965.