Hopp til innhald

Grøfteplog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grøfting av myr med ein Vikeid grøfteplog montert på ein beltetraktor i 1964.

Grøfteplog er ein plog som har vore nytta for å vassjuk mark innan jord og skogbruk. Der det er lite stein i jorda kan bruk av grøfteplog på innmark halvera kostnadane i høve til bruk av gravemaskin[1]. Ved grøfting av myr var det vanleg at plogen arbeidde ned til eit djup av 55 cm[2]. For å trekkja plogen vart det ofte nytta ein bulldosar, men ein stor traktor med halvbelte kunne òg nyttast.

Vikeid-plogen var ein grøfteplog utvikla ved Landbruksteknisk institutt si avdeling på Vikeid i Sortland. Han fanst i to storleikar. Rundt 1960 vart det òg drive forsøk med ein finsk grøfteplog produsert av Lokomo.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. E. Bergseth, Kostnader med grøfting, NLR-Magasinet, 10. desember 2020.
  2. I. Lie, Grøfting av myr, Opptak frå landbrukshalvtimen, 10. januar 1965.