Grønkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønkål
Boerenkool.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Kål B. oleracea
Varietet: Grønkål Brassica oleracea var. sabellica
L., 1753

Grønkål (Brassica oleracea var. sabellica), òg kalla prydkål, bladkål eller kruskål, er ei gruppe av arten kål som har mørkegrøne eller blågrøne, krusete blad på utstrekte stenglar.[1] Grønkål er rikt på både jern, C-vitamin, A-vitamin og lutein.

Grønkål er vinterherdig og kan stå ute i snøen og haustast etter behov.[1] Smaken kan bli mildare om planten blir utsett for frost, fordi lengre karbohydrat då blir omdanna til sukker.[2][3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Grønkål kan brukast rå i salat eller i smoothie. Han kan også varmebehandlast på ulike vis, som damping, koking og steiking. Kålet kan til dømes brukast i suppe, stuing, omelett og wokrettar. Kålblada kan også lagast om til chips.[2]

Grønkål er vanleg brukt som dekorasjon på julebord i heile Sverige. I sørlege Halland (og i nordvestre Skåne) er han endå viktigare ettersom han er hovudingrediensen i juleretten långkål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «grönkål - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se (på svensk). Henta 27. januar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Grønnkål», OFG (på norsk), henta 27. oktober 2020 
  3. «grønnkål». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 12. april 2019.