Grønkurle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønkurle

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig Grønkurle (underarten smågrønkurle)
Grønkurle (underarten smågrønkurle)

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. viridis
Underartar
Vitskapleg namn
Dactylorhiza viridis
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Habitat: eng, myr, fjellskog, sanddynelandskap
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Grønkurle (Dactylorhiza viridis) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fargen på blomane kan variere frå gulaktig til grøn eller raudbrun. Einskildblomane har lang og smal leppe med tre flikar. Dei nedste blada er breie, og bladflatene er ofte krølla. Grønnkurle kan bli opp mot 40 centimeter høg og blømer gjennom det meste av sommaren.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet grønkurle på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet smågrønkurle, tidlegare òg bakkegrønkurle.[2]

Underartane i Noreg er:[2]

Grønkurle var tidlegare plassert i slekta Coeloglossum med namnet Coeloglossum viride. Slektskapet til marihandslekta var så nært at ein i Noreg og Finland har vald å overføre grønkurle dit. I Sverige og Danmark har ein vald å halde på Coeloglossum-namnet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grønkurle er ein vanleg orkidé over det meste av landet med unntak av kyststrøka i sør. Han kan òg gå høgt til fjells. Fjellplantene er monaleg mindre og har mykje mindre blomeaks enn låglandsplantene. I Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).[3] Underarten islandsgrønkurle veks i sanddynelandskap på Sørvestlandet, og er oppgradert frå sterkt truga (EN) til kritisk truga (CR).[4]

Grønkurle, representert ved nominatunderarten smågrønkurle, finst òg i Sverige (status LC)[5] og i Finland (NT).[6] Det svenske namnet er grönkulla og det finske pussikämmekkä. I Danmark (dansk namn poselæbe) er arten sist sett i 1950, og er rekna som regionalt utdøydd (RE).[7]

På Island er det underarten islandsgrønkurle (LC) som veks (islandsk namn barnarót).[8][9] Det skal òg vere denne underarten som er rekna som sjáldsom på Færøyane (færøysk namn grønligt hjúnagras).[10][11]

Grønkurle (engelsk namn frog orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[12] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[13] Lokalt er han sårbar (VU) i England og Skottland[14][15] og sterkt truga (EN) i Wales.[16] I Irland har han status som nær truga (NT).[17]

I Estland (estisk namn rohekas õõskeel) veks grønkurle spreidde stader på øyane og på fastlandet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR).[18] I Latvia (latvisk namn zaļā dobziede)[19] er arten sjeldan og finst som einskildindivid og i små grupper på eng og i open skog. På den latviske raudlista er han klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[20] I Litauen (litauisk namn žalioji gegūnė) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og finst no mest i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR).[21][22]

I Benelux er arten (nederlandsk namn groene nachtorchis, fransk namn orchis grenouille) sjeldan og i tilbakegang i Nederland og er no berre å finne i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i kalkrike område i Flandern, men litt meir vanleg sør i Vallonia.[23][24] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd),[25] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[26][27] I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).[28]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar grønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabanken: Namnetre grønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  3. «Raudlista: Grønkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  4. «Raudlista: Islandsgrønkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Artfakta: Coeloglossum viride grönkulla». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  6. «LAJI: Coeloglossum viride». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Poselæbe Coeloglossum viride». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  8. «Barnarót (Coeloglossum viride)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023. 
  9. «Coeloglossum viride subsp. islandicum». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022. 
  10. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  11. Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2. 
  12. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  13. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  16. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  17. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  18. «eElurikkus: Coeloglossum viride» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  19. «Latvijas daba: zaļā dobziede» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  20. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  21. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 32-33. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  22. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 403. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023. 
  23. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza viridis». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  24. «Verspreidingskaart: Groene nachtorchis – Dactylorhiza viridis». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  25. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  27. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  28. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]