Grønlands heimestyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grønlands heimestyre er den politiske forvaltinga av Grønland. Grønlands heimestyre består av Grønlands Landsting, som er ei folkevald forsamling (parlament), og Grønlands Landsstyre (regjering), som er politisk ansvarleg for den daglege drifta av heimestyret. Landsstyret har òg ei rekkje direktorat under seg.

Heimestyreordninga er ein forvaltingsmodell som Danmark har både på Grønland og Færøyane og Finland på Åland. Han inneber at Grønland har eiga lovgivande og forvaltningsmessig styresmakt på alle samfunnsmessige område, unntatt politi, rettsvesen, utanrikspolitikk og det militære.

Grønland har hatt heimestyre sidan 1. mai 1979, då Lov om Grønlands hjemmestyre vart sett i kraft, etter ei folkerøysting. Av heimestyrelova går det fram det at Grønland har ei særstilling:

Før heimestyreordninga[endre | endre wikiteksten]

I 1953 endra Grønland status frå å vera ein koloni under Danmark, til at innbyggjarane der vart likestilde med danske borgarar. Men òg tidlegare har det vore ei gradvis auke av Grønlands medråderett.

Frå 1860 etablerte Danmark Forstanderskap i alle koloniområda. Dette gav Grønland medråderett i samfunnsutviklinga. Forstandarskapa var ei slag «fattigkasse», som hjelpte dei fattigaste, og dei som hadde kome opp i økonomiske problem. Dei hadde òg ei avgrensa politistyresmakt.

I 1911 vart forstanderskapa oppløyst, og erstatta med to Landsråd; eit for Sydgrønland og eit for Nordgrønland. Samstundes vart kommuneråda oppretta. Landråda var både rådgjevande organ ovafor danske styresmakter, og dei handsama sjølv enkeltsaker som vart oversendt dei frå Danmark. Landråda hadde òg styresmakt til å foreslå nye lóvar for landsdelen dei representerte.

Frå 1925 vart det etablert sysselråd, med representantar frå både Danmark og Grønland. Dette var eit samarbeid mellom danske embedsmenn og grønlandske kommunerådsformenn.

I 1951 fekk Grønland endeleg si første einhetlege forsamling, då dei to landråda vart slått saman til eitt; Grønlands Landsting. Landstinget er forlauparen til dagens Heimestyre, og fungerte heilt til 1979 då Heimestyret vart etablert.

Eit mogleg framtidig sjølvstyre[endre | endre wikiteksten]

Hjemmestyret er i ein prosess for å oppnå sjølvstyre innanfor det danske riksfellesskapet. Grønlands Landsstyre vedtok ved årsskiftet 1999-2000 å nedsetja ein sjølvstyrekommisjon; Selvstyrekommissionen. Bakgrunnen var den utviklinga som hadde skjedd sidan heimestyret vart innført i 1979, der ein såg at stadig fleire saksområder vart overteke av hjemmestyret, samstundes med at Grønlands tilhøve til omverda har endra seg. Ei slik endring er t.d. Danmarks medlemskap i EU, der Danmark i stigande grad overfører kompetanse til EU. Samstundes føregår det i verda ein generell globaliseringsprosess, som krev at Grønland sjølvstendig kan ivareta sina interesser. På den bakgrunnen fann det dåverande Landsstyret det naudsynt å setja i verk eit arbeid for å klårleggja Grønlands framtidige stilling innanfor riksfellesskapet.

Ei anna viktig oppgåve var dessutan å skildra heimestyrets noverande forfatningsrettslege stilling, og dessutan å utarbeida eit grunnlag for å utvikla Grønlands sjølvstende innanfor ramane til riksfellesskapet.

Kommisjonen leverte rapporten sin 11. april 2003, der han foreslo ein «Partnerskapstraktat mellom Grønland og Danmark om Grønlands sjølvråderett». Dette skulle signalisera at det òg i framtida var ønskeleg med eit godt og tett tilhøve mellom partane til riksfellesskapet, og at tilhøvet skulle baserast på oppfattinga av likeverdige partar, som gjensidig respekterer kvarandre. Det er Selvstyrekommissionen sitt syn at sjølvstyre så langt det er mogleg bør baserast på ein sjølvberande økonomi, der Danmarks tilskott til Grønland på sikt vert redusert vesentleg. Difor var det viktig i framtida å fokusera på den samla økonomien i samfunnet, ikkje minst Grønlands handel med utlandet.

Rapporten vart handsama i Grønlands Landsting, og det vart utarbeidd eit mandat for forhandling med den danske regjeringa. Forhandlingane resulterte i at Grønlands landstyreformann, Hans Enoksen, og den danske statsministeren, Anders Fogh Rasmussen, den 21. juni 2004, på 25-årsdagen for innføring av heimestyre i Grønland, underskreiv ein fullmakt for ein grønlandsk-dansk Fælleskommission for Sjølvstyre. Hovudoppgåva for kommisjonen er, med utgangspunkt i Grønlands noverande forfatningsmessige plassering, og i samsvar med sjølvråderetten til det grønlandske folket i samsvar med folkeretten, å foreslå korleis dei grønlandske styresmaktene kan overta ytterlegare kompetanse og ansvar, der dette er forfatningsmessig mogleg.

Grønlandsk-dansk Selvstyrekommission vart frå 2006 leia av Jonathan Motzfeldt.

Folketinget etablerte dei 4 grønlandske representantane ei samarbeidsgruppe som jobbar for grønlandsk sjølvstende. Denne gruppa heiter Den Nordatlantiske Gruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]