Grønlandske runer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runestein frå Kingigtorssuaq

Grønlandske runer er runeinnskrifter som skriv seg frå den norrøne busetnaden på Grønland. Den norrøne perioden strekkjer seg over rundt 500 år, frå dei første norrøne folka slo seg ned på øya på 900-talet, til busetnaden bukka under på 1400-talet.

Dei fleste innskriftene er funne i Austbygda og ein del i Vestbygda. Ei innskrift er funne på øya Kingigtorssuaq langt nord for dei norrøne busetjingane. Den eldste innskrifta er kanskje frå byrjinga av 1000-talet. Dei fleste reknar ein med er frå rundt år 1300. Det grønlandske språkmiljøet var konservativt og heldt på dei gamle formene, men det finst også spesielle grønlandske nyutviklingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]