Grønlandsleiret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′35.950″N 10°46′4.2456″E

Parti av Grønlandsleiret.
Parti frå Grønlandsleiret med Grønland brannstasjon og Grønland kyrkje; ei av høgblokkene på Enerhaugen til venstre i biletet.

Grønlandsleiret er ei gate på Grønland i bydel Gamle Oslo. Hovudgata i dette stroket, som òg heiter Grønland og går frå området ved Vaterlands bru over Akerselva, held beinveges fram som gata Grønlandsleiret ved krysset med gata Tøyenbekken. Gata Grønland og Grønlandsleiret var i si tid hovudsambandet mellom sjølve Christiania og det stroket som no heiter Gamlebyen, men vart kalla Oslo den gongen byen heitte Christiania og deretter Kristiania, ettersom Oslo låg her i mellomalderen. Den fyrste Vaterlands bru over Akerselva vart bygd i 1654.

Grønlandleiret går fram til krysset med Schweigaards gate i Gamlebyen, og held fram på andre sida under namnet Oslo gate.

I tidlegare tider var Leiret namnet på Grønlandsleiret og det området gata går gjennom i dag. Dette var då ei strand i Bjørvika der båtar vart drege på land. I mellomalderen gjekk sjøen heilt opp til området der Grønland kyrkje ligg no.

På nordsida av Grønlandsleiret, mellom Borggata og Schweigaards gate, ligg Grønlands park – Botsparken.