Grønlia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grønlia er ei li i Oslo i området ved Sjømannsskolen mellom det gamle Kongshavn og Sørenga der kyrkjeruinen etter Mariakyrkja ligg. Grønlia hallar mot Grønlikaia og sjøen. På sørsida av Sjømannskolen går den såkalla Familiedalen ned mot Kongshavn. Øvst i Familiedalen, rett innunder Kongsvegen finn ein 6000 år gamle helleristningar. Sjømannskolen ligg på ein knaus med utsyn over Oslo havn og Akershus festning på motsett side av Bjørvika.

Ved munningen av Alnaelva sør for Sørenga, var det tidlegare eit industriområde som var i drift frå 1737-1815, Alunverket. Der dreiv dei ut alun og fargestoff av alunskifer [1] som var teken ut av Ekebergskrenten noko lenger aust. Alunbrota er framleis godt synlege som store sår i fjellsida [2]. I dag held bilbergingsselskapet Viking til på noko av tomta der berget er sprengt vekk, dvs. sørvest for vegkrossen mellom Ekebergveien og Konowsgate (tidlegare Gravergata).

Alnaelva går for ein del i røyr beint under Ekebergrestauranten og kjem ut i Kongshavn. Men det er gjort mykje for å få elva mest mogeleg opp i dagen. Ei simulering av den opphavlege osen finn ein i austenden av «Vannspeilet» i Middelalderparken.

Diktaren Henrik Wergeland (1808-45) kjøpte ei hytte i Grønlia i mai 1838 og busette seg der til han gifte seg i april 1839. Søster hans, Camilla Collett, seier i eit brev at han flytta ut til Alunverket. Han selde hytta etter knapt eit år, og leigde husvære for seg og kona i Akersveien, i dag Damstredet 1-3 like ved Vår Frelsers kyrkjegard.

I samband med salet, skreiv han eit brev 6. april 1839, der han skildrar koss eigedomen hans kan utvidast og gjerast om til terassehage ned mot sjøen. Han meiner at hytta kan tene som ein paviljong. Det finst ei teikning som etter tradisjonen skal vera av denne hytta. Ho har nettopp form som ein firkanta paviljong. Hytta var raudmåla, hadde berre eitt rom og ein liten gang. Ho må ha høvd dårleg som vinterbustad, for Wergeland skriv i brev om «Grønlikulden». Etter Wergelands død fekk staden adresse Ljabruvegen 42. Ljabruvegen den gongen svarar til Mossevegen nærast Oslo i dag. I 1847 vart hytta seld og flytta til ein annan stad. Truleg finst ho ikkje lenger.

Midt på 1800-talet bygde konsul Lorentz Meyer eit herskapshus i Grønlia nede ved sjøen. Det låg som eit landemerke i nokre år. Det vart kalla «Alunverket» til minne om den nedlagde industriverksemda. Huset vart rive i samband med jernbaneutbygginga.

Det var gjort store inngrep i fjordidyllen då Smålensbanen, dvs. Austfoldbanen, vart bygd i 1877. I dei aller siste åra er raseringa bortimot total for skuld veg- og tunnelbygging under Bjørvika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Naturhistorisk museum: «Alunskifer til alun og farge»
  2. Sjå bilete på bokmålswikipeedia, oppslagsord "Alunverket"