Grønskjegghjelmkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønskjegghjelmkolibri

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av Louis Victor Bevale, 1877
Illustrasjon av Louis Victor Bevale, 1877

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Slekt: Oxypogon
Art: O. guerinii
Vitskapleg namn
Oxypogon guerinii
Boissonneau, 1840

Grønskjegghjelmkolibri (Oxypogon guerinii) er ein kolibri som er endemisk til den austlege 'cordillera' av colombiansk Andes, frå Cundinamarca nordover til området aust for Bucaramanga i Santander-departementet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grønskjegghjelmkolibrien er ein mellomstor kolibri, ca. 12 centimeter i kroppslengd. Vekta varierer mellom 4,4 og 6,2 gram der hannfuglar har størst masse. Som andre Oxypogon-kolibriar har hannfuglar av denne arten ein særmerkt, rufsete fjørkam og skjegg, men denne arten har grøn farge i det sentrale, iriserande partiet i strupeskjegget. Det mørke hovudet er omkrinsa av lys, gulbrun krage. Undersida er lys brun, oversida er mørkare olivengrøn. Det svarte nebbet er kort og rettpeikande. Det karakteristiske for O. guerinii er den grøne farga i skjegget og at undersida er jamt farga brun utan sjatteringar.[1] Hofuglen liknar hannen, men manglar fjørtopp på hovudet og manglar skjegget.

Utbreiingsområdet for grønskjegghjelmkolibrien ligg høgt i den austlege fjellkjeda av Andes, habitatet finst over 3000 moh. og opp til 5200 moh., der han er knytt til Espeletia-plantar. Dietten er insekt og nektar.[1]

Hekking skjer ofte i underheng ved fossar eller i elvebankar. Storleiken på kullet er to egg som hofuglen rugar i ca. 22 dagar. Ungane er flygedyktige etter 35 til 38 dagar.[2]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Han vanleg i delar av utbreiingsområdet og er klassifisert som livskraftig (LC) av IUCN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Collar & Salaman, 2013.
  2. 2,0 2,1 Birdlife International, 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grønskjegghjelmkolibri