Grøtet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grøtet
fjell
Grøtet sett frå Heimste Blåhornet. Ein bit av Sunnylvsfjorden er synleg.
Land  Noreg
Område Fjord (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Indre Sunnmøre
Høgd 1 519 moh.
Primærfaktor 629 m
Kart
Grøtet
62°14′43″N 7°05′33″E / 62.24538°N 7.09259°E / 62.24538; 7.09259

Grøtet er eit fjell i Fjord kommuneSunnmøre. Det ligg på sørsida av Norddalsfjorden, på austsida av Sunnylvsfjorden, og har Eidsdalen i aust. Turen til fjellet går helst frå Eidsdalen. Toppen er lett å nå frå fleire kantar, mellom anna frå nordsida. Namnet på fjellet kjem av gammalnorsk grjot, som tyder grov stein. På Stranda vert fjellet kalla «Skrenakkhornet».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]