Gracita Arrindell
| Gracita Arrindell | |||
| Fødd | 4. mars 1956 (70 år) Sint Maarten | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Kongeriket Nederlanda | ||
| Parti | People's Progressive Alliance | ||
| Yrke | politikar, aktivist | ||
| Utdanna ved | Radboud Universiteit Nijmegen | ||
Gracita Arrindell (fødd 4. mars 1956) er ein politikar frå Sint Maarten, forfattar og forkjempar for kvinner sine rettar. Ho var den første presidenten i parlamentet på Sint Maarten, ei rolle ho hadde i to ikkje-samanhengande periodar.
I 2025 er ho minister plentiportentiarius.[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Arrindell er fødd på Curaçao.[2] Ho tok ein mastergrad i statsvitskap ved det katolske universitetet i Nijmegen. I 1988 vart ho assisterande generalsekretær for øyrådet.[3] I 1994 var ho leiar for komiteen for den konstitusjonelle folkerøystinga. I 1999 var ho kandidat ved vala til øyrådet, der ho representerte Democratic Party Sint Maarten. Seinare slutta ho seg til People’s Progressive Alliance, som vann sitt første sete i 2003.[3]
I Looking Back to Move Forward (2006) redigerte Arrindell ei samling talar av tidlegare statsministrar i Dei nederlandske Antillane.[4]
Arrindell var den første personen som vart vald til president for parlamentet på Sint Maarten. Ho hadde vervet i to periodar: den første frå 10. oktober 2010 til 14. juli 2012, og den andre frå 24. juni 2013 til 9. oktober 2014.[5][6] I denne perioden var ho òg leiar for PPA.[7] Ho har teke til orde mot nepotismen som har vore vanleg i politiske utnemningar på øya.[8]
I 2022 var ho styreleiar for kontrollstyret ved Prinsesse Juliana internasjonale lufthamn.[3]
I 2024 var ho president for Peridot Foundation, ein organisasjon ho grunnla for å kjempe mot vald i nære relasjonar på Saba, Sint Eustatius og Sint Maarten.[9][10]
I 2024 var Arrindell vise-minister plentiportentiarius.[11] Same året gav ho ut boka From Slavery to Freedom.[12]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2009 vart Arrindell heidra med ein Emerald Award frå organisasjonen Women of Great Esteem (WGE).[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Minister Plenipotentiary Arrindell Represents Sint Maarten at Prinsjesdag 2025». Sint Maarten government. 17. september 2025. Henta 22. september 2025.
- ↑ «Arrindell: High Councils of State & First Responders Carried Our Democracy». SXM Talks (på engelsk). 19 October 2020. Henta 7. mars 2022.
- 1 2 3 «Welcome to House of Nehesi Publishers». www.houseofnehesipublish.com. Henta 2. mars 2022.
- ↑ Looking Back to Move Forward: Speeches from the Forum of Former Prime Ministers of the Netherlands Antilles. House of Nehesi Publishers. 2006. ISBN 978-0-913441-71-8. Henta 22. september 2025.
- ↑ «Arrindell elected president of first parliament of St. Maarten» (PDF). The Daily Herald. 11. oktober 2010. s. 4. Arkivert frå originalen (PDF) 4. juni 2016.
- ↑ «Gracita Arrindell back as President of the Parliament» (PDF). The Daily Herald. 25. juni 2013. s. 1, 10. Arkivert frå originalen (PDF) 26. november 2016.
- ↑ «Gracita: Parliament's Electoral Reform Ad-Hoc Committee Slumbers». SXM Talks (på engelsk). 24 October 2021. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Gracita: Time to Rise to the Occasion». SXM Talks (på engelsk). 13. juli 2020. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Peridot Foundation Honors Women Pioneers at International Women's Day Event». SXM Talks. April 1, 2024. Henta 22. september 2025.
- ↑ «Peridot Foundation to Celebrate International Women's Day 2022 Theme: #Break the Bias Exciting Program». SXM Talks (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Deputy Minister Plenipotentiary Arrindell's Vision - 'Streghtening Bridges, Connecting Hearts Between St. Maarten and the Netherlands'». Sint Maarten government. 8. august 2024. Henta 22. september 2025.
- ↑ «Minister Arrindell Receives Newly Published Book: 'From Slavery to Freedom'». Sint Maarten government. 8. juli 2024. Henta 22. september 2025.
- ↑ «Two Jamaicans Among 2009 Woman of Great Esteem - Jamaica Information Service». jis.gov.jm. Henta 2. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Gracita Arrindell» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2026.