Graham Bell-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Graham Bell-øya i Frans Josefs land

Graham Bell-øya (russisk Остров Греэм-Белл; Ostrov Greem-Bell) er ei øy ved 80°51′59″N 64°17′21″EKoordinatar: 80°51′59″N 64°17′21″E i Frans Josefs land i Russland.

Graham Bell-øya er ein av dei største øyane i øygruppa og er delvis dekt av is. Det høgaste punktet er 509 meter over havet.

Øya ligg aust for Wilczek land, og berre eit smalt sund skil dei to. Ho er den austlegaste øya i Frans Josefs land.

Kanalen i vest, mellom Graham Bell-øya og Wilczek land, vert kalla Morgansundet.

Kapp Kohlsaat, det austlegaste punktet i øygruppa på 81°14′N, 65°10′E, ligg på Graham Bell-øya. Kapp Kohlsaat markerer det nordvestlegaste hjørnet i Karahavet, og er derfor eit viktig landemerke.

Øya vart kalla opp etter den skotsk-amerikanske oppfinnaren Alexander Graham Bell. Graham Bell-øya må ikkje forvekslast med den mindre Belløya, som òg er ein del av Frans Josefs land, og som er kalla opp etter same person.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den kalde krigen stod det ein utpost på Graham Bell-øya og ei flystripe kalla Greem Bell 81°09′N 64°17′E, den største flystripa på øygruppa. Ho er 2,1 km lang og russiske fraktefly har landa her sidan 1950-åra.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Det ligg mange småøyar på nordsida av Graham Bell-øya.
  • Ostrov Pjerlamutrovij (Pjerlamutrovøya) ligg søraust for Graham Bell-øya.
  • Ostrov Trjokhlutsjevoj ligg vest for øya ved 80°57′6″N 63°4′45″E og er berre 2 km lang.
  • Ostrov Udatsjnij er ei av fleire småøyar langs nordvestkysten av Graham Bell-øya ved 81°8′30″N 64°8′45″E.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]