Grameen Bank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grameen Bank sitt kontor i hovudstaden Dhaka.

Grameen Bank (bengali: গ্রামীণ ব্যাংক) er ein bank i Bangladesh med fokus innan mikrofinans. Banken gjev mellom anna små banklån, kjend som mikrokreditt til fattige menneske utan store krav til trygging av lånet. Banken aksepterer òg innskot, tilbyr andre tenester, og administrerer fleire utviklingsretta verksemder, mellom anna føretak innan industri, telekommunikasjon og energi. Organisasjonen og grunnleggjaren, Muhammad Yunus, vart saman tildelt Nobels fredspris for 2006 «for deres bestrebelser for å skape økonomisk og sosial utvikling nedenfra».

Saman med Telenor, som eig 60 %, driv Grameen Bank mobiltelefonselskapet Grameen Phone.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]