Grameenphone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grameenphone

BransjeTelekommunikasjonsbransjen
Skipa1997
MorselskapTelenor
LandBangladesh
ProduktMobiltelefoni
Grunnleggjar(ar)Iqbal Quadir
Nettstadhttp://grameenphone.com

Grameenphone er det største føretaket innan mobiltelefoni i Bangladesh. Det er eigd 62 % av det norske telefonselskapet Telenor og 38 % av Grameen Telecom. Selskapet gjev i samarbeid med Grameen Bank mikrokredittlån til fattige kvinner. Slik får dei råd til å kjøpa ein mobiltelefon, som dei lånar ut til folk. Gjennom eit lite påslag på ringeprisen tenar eigaren av mobiltelefonen nok til både å betala lånet og til sjølv å skaffa seg ei inntekt.

Omfang[endre | endre wikiteksten]

Det er i dag over 250 000 landsbytelefonar i Bangladesh. Kvinnene er organiserte i mobilselskapet The Village Phone Ladies. Landsbytelefontenesta i Bangladesh er tilgjengeleg for 60 millionar menneske og gjennomsnittleg telefonbruk for kvinnene i systemet er dobbelt så stor som for vanlege forretningsfolk. I område der vanleg infrastruktur for kommunikasjon i i liten grad er utbygd, skapar landsbytelefonane kontakt mellom landsbyar og folk som før ikkje hadde tilgjenge til slik kommunikasjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]