Grammatikk i prærie-cree-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grammatikk i prærie-cree-språket. Det algonkinske prærie-cree-språket (endonym ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin), som blir tala av 34 000 menneske i Alberta, Saskatchewan, Manitoba og Northwest Territories i Canada og 100 i Montana i USA, blir rekna som ein dialekt i dialektkjeda cree-montagnais-naskapi. Framstillinga av grammatikken er delt i to hovuddelar, morfologi og syntaks.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Prærie-cree-språket, som andre algonkinske språk, har ein omfattande morfologi, og kan karakteriserast som sterkt syntetisk – eller som polysyntetisk. Språket har tre ordklassar som blir bøygde: substantiv, pronomen og verb. Her skal vi sjå på delar av bøyinga.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiva i prærie-cree har to genus, og dei blir primært bøygde i desse grammatiske kategoriane:

  1. Possessiv
  2. Numerus
  3. Obviasjon
  4. Vokativ
  5. Lokativ
Genus[endre | endre wikiteksten]

Substantiva i prærie-cree høyrer til eitt av to genus, animatum og inanimatum. Til animatum høyrer typisk substantiv som viser til ånder, menneske, dyr, tre og nokre planter og til inanimatum høyrer typisk substantiv som viser til daude ting (ting utan liv), men også nokre planter. Mellom anna er desse substantiva animate:[1]

  • ᒪᓂᑐᐤ manitow 'Gud'
  • ᐊᐦᒑᕁ ahcāhk 'ånd'
  • ᐃᐢᑵᐤ iskwēw 'kvinne'
  • ᓇᐯᐤ nāpēw 'mann'
  • ᐊᑎᒼ atim 'hund'
  • ᓰᓰᑊ sīsīp 'and'
  • ᓯᐦᑕ sihta 'gran'
  • ᐊᔪᐢᑲᐣ ayoskan 'bringebær'





– og desse inanimate:

  • ᐙᐏ wāwi 'egg'
  • ᒪᐢᑭᓯᐣ maskisin 'mokkasin'
  • ᒌᒫᐣ cīman 'båt'
  • ᐚᐢᑲᐦᐃᑲᐣ wāskahikan 'hus'
  • ᒪᐢᑫᐠ maskēk 'myr'
  • ᓰᐲᐩ sīpīy 'elv'
  • ᓃᐲᐩ nīpīy 'vatn'
  • ᐘᒋᐩ waciy 'fjell'





Skiljet mellom dei to genusa kjem fram på fleire måtar. For det fyrste viser det seg i forma på pronomena og verba som står i grammatiske relasjonar til substantiva, og for det andre viser det seg i bøyinga av substantiva sjølve.

Possessiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiva kan ha affiks som viser til eigaren eller eigarane, som i desse døma (bindestrekane er ikkje med i ortografien, dei er sette inn for å vise den morfologiske oppbygnaden av orda):

  • maskisin 'mokkasin'
  • ni-maskisin 'mokkasinen min'
  • ki-maskisin 'mokkasinen din'
  • o-maskisin 'mokkasinen hennar/hans (proks.)'
  • o-maskisin-iyiw 'mokkasinen hennar/hans (obv.)'
  • ni-maskisin-inān 'mokkasinen vår (eksl.)'
  • ki-maskisin-inaw 'mokkasinen vår (inkl.)'
  • ki-maskisin-iwāw 'mokkasinen dykkar'
  • o-maskisin-iwāw 'mokkasinen deira'
  • akohp 'teppe'
  • nit-akohp 'teppet mitt'
  • kit-akohp 'teppet ditt'
  • ot-akohp 'teppet hennar/hans (proks.)'
  • ot-akohp-iyiw 'teppet hennar/hans (obv.)'
  • nit-akoph-inān 'teppet vårt (eksl.)'
  • kit-akohp-inaw 'teppet vårt (inkl.)'
  • kit-akohp-iwāw 'teppet dykkar'
  • ot-akohp-iwāw 'teppet deira'





Merk at prefiksa endar på t dersom substantivstamma tek til med ein vokal. Denne variasjonen mellom til dømes ki- og kit- er eit morfologisk særdrag ved algiske språk, og var eitt av kriteria som blei trekte fram i argumentasjonen for at wiyot og yurok er genetisk skylde dei algonkinske språka.

Skiljet mellom o-maskisin 'mokkasinen hennar/hans (proks.)' o-maskisin-iyiw 'mokkasinen hennar/hans (obv.)' gjeld obviasjon ved possessor. Det er nærmare forklart i avsnittet Syntaks nedanfor.

Skiljet mellom 'vårt (inkl.)' og 'vårt (eksl.)' i til dømes kit-akohp-inaw 'teppet vårt (inkl.)' og nit-akoph-inān 'teppet vårt (eksl.)' er at ved 'vårt (inkl.)' er tilhøyraren eller tilhøyrarane inkluderte, medan ved 'vårt (eksl.)' er tilhøyraren eller tilhøyrarane ekskluderte. Det er nærmare omtala i avsnittet Pronomen.

Substantiv som maskisin 'mokkasin' og akohp 'teppe' blir kalla uavhengige, av di dei ikkje ha posessivaffiks, men det finst òg avhengige substantiv, som ikkje førekjem utan possessivaffiks. Det er særleg ord for kroppsdelar og slektningar som er avhengige. Ki-sit 'foten din' / ni-sit 'foten min' og ki-mosōm 'bestefaren din' / ni-mosōm 'bestefaren min' er døme på avhengige substantiv. Det går ikkje an å seie *sit 'fot' eller *mosōm 'bestefar', og det nærmaste ein kjem, er former med ein «generell possessor», med prefikset mi(t)-: mi-sit 'foten til einkvan', mi-mosōm 'bestefaren til einkvan'.

Numerus og obviasjon[endre | endre wikiteksten]

Inanimate substantiv har ei singularisform og ei pluralisform. Her er fire døme, som viser dei fire bøyingsklassane (klasse I og IV er like i dette tilfellet, men sjå lokativ nedanfor):




Animate substantiv har eit skilje mellom proksimat og obviat (dei to trekka i den grammatiske kategorien obviasjon) og det er berre proksimate former som har numerusskilje. Her er fire døme, som viser dei fire ulike bøyingsklassane (klasse I og IV i dette tilfellet, men sjå lokativ nedanfor):




Skiljet mellom proksimat og obviat gjeld grad av topikalitet. Proksimate substantiv viser til fenomen som er meir topikale i samtalen eller forteljinga. At noko er meir topikalt, tyder at det står meir i sentrum for merksemda eller spelar ei meir sentral, framtredande rolle. Obviasjon er nærmare omtala i avsnittet ’’Syntaks’’ nedanfor.

Possessivaffiksa kan kombinerast med suffiksa for numerus og obviasjon, som du kjem «utanpå» possessivsuffiksa, det vil seie heilt på slutten:





Vokativ[endre | endre wikiteksten]

Slektskapstermar og ord for ein del andre sosiale relasjonar har eigne vokativformer, det vil seie tiltaleformer, éi singularis- og ei pluralisform. Vokativ eintal skil seg på eit stort sett uregelrett vis frå dei proksimate og obviate «omtaleformene», og i somme tilfelle ikkje i det heile, medan vokativ pluralis har suffikset ’’’-itik’’’ lagt til stamma i «omtaleformene». Her er nokre døme:





Lokativ[endre | endre wikiteksten]

Suffikset -ihk uttrykkjer lokativ, det vil seie på, i eller ved noko. Lokativsuffikset kjem i staden for og i same posisjonen som numerus- og obviasjonssuffiksa:




Legg merke til dei morfofonologiske endringane i bøyingsklasse III og IV. I bøyingsklasse III endar stamma på ...Cw- (der C = konsonant) føre suffiks som tek til med vokalen a, som i maskēkw-a 'myrar', men når suffikset tek til med vokalen i, «smeltar» wi i saman til o, slik at ein til dømes får maskēkohk 'i myra' i staden for *maskēkwihk. I bøyingsklasse IV endar stamma på ...VH- (der V = vokal og H = halvvokal) når det ikkje fylgjer noko suffiks og føre suffiks som tek til med a, men når suffikset tek til med vokalen i, «smeltar» VHi i saman til ei lang utgåve av V, slik at vi til dømes får ōtēnāhk ’i byen’ i staden for *ōtēnawihk.

Possessivaffiksa kan kombinerast med lokativsuffikset, som til dømes i nicīmāninānihk 'i båten vår (eksl.)'.

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Det finst to sett med personlege pronomen. Den fyrste typen kan setjast om med 'eg', 'du' osb., den andre med 'eg òg, èg sjølv', 'du òg, du sjølv' osb. Det finst ikkje noko skilje mellom proksimat og obviat i 3. person:

Personlege pronomen
Sett 1 Sett 2
1. person singularis nīya 'eg' nīsta 'eg òg/sjølv'
2. person singularis kīya 'du' kīsta 'du òg/sjølv'
3. person singularis wīya 'ho/han' wīsta 'ho/han òg/sjølv'
1. person pluralis eksklusiv nīyanān 'vi (eksl.)' nīstanān 'vi (eksl.) òg/sjølve'
1. person pluralis inklusiv kīyanāw 'vi (inkl.)' kīstanāw 'vi (inkl.) òg/sjølve'
2. person pluralis kīyawāw 'de' kīstawāw 'de òg/sjølve'
3. person pluralis wīyawāw 'dei' wīyawāw 'dei òg/sjølve'

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verbtypar[endre | endre wikiteksten]

Genusa har òg ein viktig innverknad på verba, som er delte inn i fire typar:

  1. TA: Transitiv animat. Transitive verb med animat objekt. Døme: wāpam- 'sjå'.
  2. TI: Transitiv inanimat. Transitive verb med inanimat objekt. Døme: wāpaht- 'sjå'.
  3. IA: Intransitiv animat. Intransitive verb med animat subjekt. Døme: wāpi- 'sjå'.
  4. II: Intransitiv inanimat. Intransitive verb med inanimat subjekt. Døme: timī- 'vere djup'.

Det kan hevdast at heile inndelinga handlar om skiljet mellom animatum og inanimatum. TA er verb med to animate ledd knytte til seg, TI har eitt animat og eitt inanimat ledd, IA har eitt animat ledd og II har eitt inanimat ledd. Desse setningane viser skilnaden i bruksmåte mellom dei tre cree-verba som tyder 'sjå':

  • TA. Wāpamāw sīsīp atimwa. 'Anda ser hunden.'
  • TI. Wāpahtam sīsīp wāwi. 'Anda ser egget.'
  • IA. Wāpiw sīsīp. 'Anda ser.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør til dømes den fyldige ordboka Nancy LeClaire and George Cardinal 1998. alperta ohci kehtehtayak nehiyaw otwestamâkewasinahikan. Alberta Elders' Cree Dictionary. Ed. by Earle Waugh. Edmonton: The University of Alberta Press.