Gran Desierto de Altar

Koordinatar: 31°57′N 114°08′W / 31.95°N 114.14°W / 31.95; -114.14
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Gran Desierto de Altar,
i Sonora i Nordvest-Mexico.

Gran Desierto de Altar er ein av dei store økoregionane i Sonaraørkenen i delstaten Sonora i Nordvest-Mexico. Han omfattar den einaste aktive erg-regionen i Nord-Amerika. Ørkenen strekkjer seg over det meste av den nordlege grensa til Californiabukta, og strekkjer seg 100 km frå aust til vest, og over 50 km frå nord til sør. Han utgjer ein av dei største kontinuerlege villmarksområda i Sonaraørkenen.

I den austlege delen av området ligg det vulkanske Sierra del Pinacate. Dette dannar i lag med det vestlege Gran Desierto de Altar-området El Pinacate y Gran Desierto de Altar biosfærereservat og ein UNESCO-verdsarvstad.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sanddyner ved El Pinacate y Gran Desierto de Altar biosfærereservat, nordvest i Sonora i México.

Gran Desierto dekkjer kring 5700 km², det meste i den mexicanske staten Sonara. Dei nordlegaste områda strekkjer seg inn i det sørvestlege Arizona. Det dominerande sanddekket og sanddynene har ein tjukkleik frå mindre enn 1 km til meir enn 120 km. Det totale sandvolumet i Gran Desierto er kring 60 km³. Det meste av sanden vart sett av her av Colorado River i pleistocen som då flaut gjennom dagens Gran Desierto, omkring 120 000 år sidan. Dette elvedeltaet flytta seg vestover med forkastinga og riftinga som opna Salton Trough og Californiabukta.[2]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjon med kaktusarten Cylindropuntia bigelovii (teddy bear cholla).

Vegetasjonen i Gran Desierto er typisk for den lågare Sonaraørkenen med ein markert skilnad i vegetasjonstype og tettleik frå stad til stad. Store område i sør og aust, særleg nær utkanten av ørkenen, har eit moderat tett (opp til 20 %) dekke av lågt kratt og urter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Gran Desierto har eit svært varmt og tørt klima. Den normale årsnedbøren, som hovudsakleg kjem mellom september og desember, er 73 mm ved Puerto Peñasco i Sonora (heilt søraust i ørkenen) og minkar nordover mot Yuma i Arizona (heilt nordvest) til 62 mm i året.[3] Temperaturane midt på sommaren når ofte 45 °C i det sentrale sandhavet. Midt på vinteren er temperaturar under 10 °C sjeldne. Vinden vert sturt av posisjonen og styrken til Sonaralågrykket på sommaren, som skapar ein sørleg vind, og av Great Basin-høgtrykket om vinteren, som skapar ein nord-nordaustleg vind.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gran Desierto de Altar» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2014.
  • Biehler, S., Kovach, R.L. and Allen, C.R., Geophysical framework of the northern end of the Gulf of California structural province, in Marine Geology of the Gulf of California, van Andel, T .H. and Shor, G.G., eds., A.A.P.G., Memoir 3, 126-143, 1964.
  • Guzman, A.E., Petroleum possibilities in Altar Desert, Sonora, Mexico, abs., A.A.P .G., 64, 716, 1980.
  • MacDougal, D.T., Across Papagueria, Bull. American Geographical Soc., 40, 705-725, 1908.
  1. «El Pinacate and Gran Desierto de Altar Biosphere Reserve», UNESCO World Heritage Centre.
  2. Sykes, G., The Colorado Delta, Carnegie Institution/American Geographical Society, New York, 193 p., 1937a.
  3. Lancaster, N., Greeley, R. and Christensen, P.R., Dunes of the Gran Desierto sand sea, Sonora, Mexico, Earth Surface Processes and Landforms, 12, 277 -288, 1987.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gran Desierto de Altar

31°57′N 114°08′W / 31.95°N 114.14°W / 31.95; -114.14