Gran prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°22′6″N 10°31′24″E

Gran prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Gran prestegard ligg eit par hundre meter nordvest for Søsterkyrkjene på Granavollen.

Dagens prestebustad vart oppført på prestegardstunet i 1978 etter teikningar av Inge Prestkvern.[1] På prestegardsgrunnen står òg eit berømt steinhus som skal vere bygd med stein som var til overs ved ei ombygging av Søsterkyrkjene. Dei to husa heng saman.

Rett sør for prestegarden er ein prestegardshage som vart kjøpt av Gran kommune i 1997.[2][3]

Minst to generasjonar Lassen har vore prestar med bustad på prestegarden, og genealogen Wilhelm Lassen[4] vaks opp der. Wilhelm Cornish Lassen er faktisk gravlagd i hagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gran prestegard
Spire Denne Opplandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.