Granat i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Granat
GarnetCrystalUSGOV.jpg
Generelt
Kategori Nesosilikat
Kjemisk formel Den generelle formelen X3Y2(SiO4)3
Identifikasjon
Farge nesten alle fargar, men blå er særs sjeldan
Krystallform Rombisk dodekaeder eller kubisk
Krystallsystem isometrisk/kubisk rombisk dodekaeder, ikostetraeder
Kløyv Utydeleg
Brot muslig til ujamn
Mohs hardleiksskala 6.5–7.5
Glans glasaktig til harpiksaktig
Spesifikk vekt 3.1–4.3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Enkelbrytande, stundom dobbeltbrytande[1]
Brytingsindeks 1.72–1.94
Ultrafiolett fluorescens forskjellig
Andre eigenskapar forskjellig magnetisk tiltrekking

Granat er ei gruppe silikatmineral som krystalliserer kubisk. Dei opptrer ofte i vene krystall.

Alle granatar har den same kjemiske summeformelen X3Y2(SiO4)3, der X står for toverdige grunnstoff som kalsium, magnesium, mangan og jarn, medan Y står for treverdige grunnstoff, vesentleg aluminium, jarn og krom.

Granatar med sterke, vene fargar og høg glans vert ofte slipte og nytta som smykkesteinar. På grunn av hardleiken deira vert dei elles nytta som slipemiddel. Produksjon av granat for dette formålet fann tidlegare stad ved Kongsberg.

Av varietetar finn ein mellom anna hessonitt og melanitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (9. november 2012). Granat. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/granat.
  1. Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6