Granavollen runestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runesteinen bak Nikolaikyrkja

Granavollen runestein er ein runestein som står på austsida av Nikolaikyrkja på Granavollen i Gran kommune i Oppland fylke. Nikolaikyrkja er òg kjent som den eine av dei to Systerkyrkjene på Gran. I runologien er steinen kjent som N63 Gran kyrkje I.

Teksta på steinen er frå sein vikingtid, rundt 1050, og er til minne om ein bror av søskenflokken som fekk teksta rissa inn.

På steinen står det:

᛫ᛋᛦᚿᛁᚱ᛬ᛆᚢᚿᛆᚱ᛬ᚱᛦᚴᛁᚢ᛬ᚱᛁᛋᚦᛐᚢ᛬

—(ᚠ)ᛐᛁᚱ᛬ᛆᚢᚠᛆ᛬ᛒᚱᚢᚦᚢᚱ᛬ᛋᛁᚿ᛬ᚼᛁᛆᛚᛒᛁ᛬

ᚴᚢᚦ᛫ᛋᚮᛚ᛫ᛆᚢᚠᛆ

norrønt blir dette:

Synir Aunar rykiu reistu (ep)tir Aufa bróðdur sinn. Hjalpi Gud sál Aufa

Dette kan bli omsett til:

Aun R...s søner reiste (steinen) etter Aufi, bror sin. Gud hjelpa Aufis sjel.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fra informasjonsplanketten ved steinen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]