Grand Ballon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grand Ballon
Grandballonsud.jpg
Høgd over havet 1 424 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Vogesane
Koordinatar 47°55′N 7°08′EKoordinatar: 47°55′N 7°08′E

Grand Ballon (tysk: Großer Belchen; omsett stor ballong) er det høgaste fjellet i Vogesane, om lag 25 km nordvest for Mulhouse i Frankrike.

Somme kallar framleis fjellet Ballon de Guebwiller, etter namnet på den næraste byen, Guebwiller, om lag 8 km til aust. Fjellet er 1 424 meter høgt.

Den velkjende Route des Crêtes går rundt fjelltoppen i aust, og kryssar ein fjellovergang i ei høgd på 1 343 m, mellom Markstein og Hartmannswillerkopf.