Grand Rapids

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grand Rapids
by
Land  USA
Stat Michigan
Kart
Grand Rapids
42°57′48″ N 85°40′5″ W
Wikimedia Commons: Grand Rapids, Michigan

Grand Rapids er ein by vest i delstaten Michigan i USA med ikring 199 000 ibuarar. Byen, som er fylkessete i Kent County, er det økonomiske og kulturelle knutepunktet i eit storbyområde med om lag 1,1 million menneske. Grand Rapids ligg langs Grand River, om lag 40 km aust om Michigansjøen.

Grand Rapids er eit senter i framstillinga av møblar. Fem store produsentar av kontormøblar har hovudkontor i byen. Byen og nærområda har dei siste tiåra vore i kraftig vekst. Eit mangfaldig næringsliv er utvikla, både innom helsestell, informasjonsteknologi, bilindustri, luftfart og produksjon av forbruksvarer.

President Gerald Ford voks opp i Grand Rapids. Flyplassen har namn etter honom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Grand Rapids