Grande Armée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilde av Grande Armée under invasjonen av Russland i 1812.

Grande Armée (fransk for 'Den store hæren') var hæren til Napoléon Bonaparte. Han fekk nemninga la grande armée i 1805, då Napoléon samla 200 000 menn for den planglagde invasjonen sin av England.

Invasjonen blei gjeven opp, men hæren vann store sigrar ved Austerlitz 1805, Jena-Auerstedt 1806 og ved Friedland 1807, då dei austerrikske, prøyssiske og russiske hæra blei så godt som utsletta. Då Frankrike deretter fekk fleire soldatar og sende korps til Spania, byrja ein å møta problem. Austerrike (men ikkje Preussen) erklærte krig att i 1809. På denne tida hadde riket til Napoléon nådd den største utstrekkinga si. La grande armée på 300 000 menn lukkast i å overvinna Austerrike nok ein gong, men med halve styrken fast i Spania blei Frankrike militært desimert.

I 1812 bestod hæren av over 667 000 menn, 170 000 hestar, 30 000 vogner og 2 792 stykke artilleri. Midtsommaren 1812 gjekk hæren over grensa til Russland, der han hadde suksessar, men dårleg vêr, helse og forsyningar svekka han så mykje at berre 90 000 menn vende tilbake seks månader seinare. Napoléon klarte likevel i løpet av nokre månader å mobilisera hundretusentals nye soldatar, men den nye grande armée var langt frå like erfaren og stor som den føre, og møtte undergangen sin ved Leipzig i 1813, noko som vart den definitive slutten for la grande armée (om han i det heile tatt kan kallast la grande armée). Den nye hæren til Napoléon som blei overvunnen ved Waterloo i 1815 blei kalla armée du nord, ikkje la grande armée.

Framståande befalhavarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Grande Armée