Granefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Granefeltet er eit oljefelt kring 185 kilometer vest for Haugesund. Feltet vart funne av Norsk Hydro i 1991, og produksjonen starta 23. september 2003. Grane er det første feltet på norsk sokkel som produserer tung råolje. Feltet er bygd ut med plattformen Grane som står på 127 meters havdjup.