Gransherad stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av Joachim Frich frå Dietrichson: De norske stavkirker

Gransherad stavkyrkje var ei stavkyrkje i Gransherad i Notodden kommune i Telemark. Ho vart riven i 1849, etter at dagens Gransherad kyrkje stod klar.

Stavkyrkja er omtala i 1369,[1] og ho skal ha vore vigsla til Olav den heilage.[2] At det dreide seg om ei stavkyrkje, skal gå fram av ein synfaringsrapport frå 1668,[3] og kyrkja skal ha vore av samme type som Sauland stavkyrkje, ei einskipa kyrkje med omgang og ei rekkje gavlar. Lorentz Dietrichson antydar i sitt stavkyrkjeverk at kyrkja i Gransherad var av ein sein type utan ornament av drakehovud. Derimot hadde ho «staaende, kronede karyatider paa stolperne», noko som går fram av bevarte portalplankar i Oldsaksamlinga. Desse er krona av ein løvefigur (venstre planke) og to bjørnar.

Frå stavkyrkja er elles bevart ein kross og eit kristushovud. Siste messe i kyrkja vart halde 11. august 1849. Deretter vart kyrkja riven 20.–21. august.

Endå ei stavkyrkje?[endre | endre wikiteksten]

Ein tradisjon vil ha det til at det i si tid stod ei stavkyrkje også ved Grandås, nær eit gamalt gudehov ved garden Håve.[4] Det skal vere merkje å sjå etter kyrkja, og i 1940 vart det planta eit eiketre der inngangen skal ha vore. Krossen som er omtala over, kan tenkast å stamme frå denne kyrkja, som skal ha forfalle etter Svartedauden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum V:261
  2. Brendalsmo (2015), s. 32.
  3. Dietrichson (1892), s. 421.
  4. Sønmør et al (1999), s. 10.