Granvin kyrkje
| Granvin kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Voss | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Hardanger og Voss | ||
| Sokn | Granvin | ||
| Fellesråd | Granvin | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1726 | ||
| • Endringar | 1853, nytt tårn 1911, nytt våpenhus | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Granvin kyrkje 60°33′19″N 6°43′55″E / 60.55527778°N 6.73194444°E | |||
| Wikimedia Commons: Granvin kyrkje | |||
Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726, som ligg i Voss herad i Vestland ved austsida av Granvinsvatnet, ved riksveg 13. Kyrkja erstatta Granvin stavkyrkje som måtte rivast grunna råte i 1720-åra. Fyrste gong Granvinskyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1306.
Kyrkja blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.
Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet. I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges kirker: «Granvin kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning[daud lenkje]
- ↑ Granvin kyrkje freda frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Granvin menighet på nettstaden til Den norske kyrkja
- Eldre fotografi av Granvin kyrkje på nettstaden fotogranvin.com[daud lenkje]
- Eldre fotografi av Granvin kyrkje på nettstaden Galleri NOR (Nasjonalbiblioteket)
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Granvin herad på nettstaden disnorge.no
- Granvin kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Granvin kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Vidare lesnad
- Alfred Hamre: Granvin kyrkje : festskrift utgjeve i høve 250 års høgtida : 1726-1976, Granvin sokneråd 1976
Denne kyrkjeartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
