Granvin stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Granvin stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Granvin stavkyrkje

Granvin stavkyrkje var ei stavkyrkje i Granvin i Hardanger, som vart riven rundt 1722. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja. Kyrkja stod på same tomta som dagens Granvin kyrkje, ved Granvinsvatnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit "Granvin sokn" er nemnt i kjeldene i 1306, og det må altså ha funnest ei kyrkje i Granvin seinast då.[1] Kyrkja vart utvida i tømmer to gonger: I 1690-92 med 20 gonger 20 fot (om lag 6 gonger 6 meter), og 1702-04 vart koret utvida med 16 fot (5 gonger 5 meter).[2] Kyrkja er nemnt for siste gong i rapportar frå 1722, då som ein bygning halvt av stav og halvt av tømmer. Kort etterpå må ho ha vorte riven, så ein rapport frå 1885 seier at den noverande kyrkja då var nærare 200 år gammal.[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Det går fram av rekneskapa til kyrkja for 1699 - 1701 at ho var omgitt av ein svalgang.[2] Denne må ha gått rundt heile kyrkja, då det i 1665 vert nemnt ein "svale i østre Bryst" (gavl). Eit tårn på taket vert omtala i 1660. Det vart fornya i 1690. Kyrkja hadde våpenhus i vestre ende og ved korinngangen på sørsida. Innvendig var kyrkja måla. Storleiken på skipet skal ha vore 46 fot gonger 22 fot (om lag 14 m x 7 m) og koret 36 fot gonger 18 fot (11 m x 6 m).[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "...i Gronvina sokn i Hardangre". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum II, 82
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]