Grasøyane fyrstasjon
![]() Grasøyane fyrstasjon Foto: Riksantikvaren | |
Fylke | Møre og Romsdal |
---|---|
Kommune | Ulstein |
Funksjon | Innseglingsfyr |
Oppretta | 1886 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 20,5 |
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 8. sekund |
Lyshøgd | 28,8 moh. |
Lysvidde | 12,6 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1986 |
Avfolka | 1986 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Grasøyane fyrstasjon | |
Grasøyane fyrstasjon er eit fyr som ligg på Grasøya i Ulstein kommune på Sunnmøre. Fleirtalsforma Grasøyane viser til dei omlag jamstore øyane Grasøya og Skjærvøya.
Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eine står i den opphavlege fyrbygningen i tre med tårn i hjørnet og vart bygd i 1886. Det andre er eit 16 meter høgt støypejernstårn frå 1950, det siste som vart bygd i landet. Tretårnet vart skadd under eit flyåtak i 1945. Stasjonen får straum frå eit solcellepanel. Fyrstasjonen vart avbemanna og automatisert i 1986.
I tillegg har fyrstasjonen maskinhus, uthus og ein finn tufter etter assistenbustad, samt landing med ei lang bryggje i ei langgrunn fjøre.
Fyrstasjonen ligg innanfor området som er dekt av Runde naturreservat og er verna etter lov om naturvern. I tillegg har fyrstasjonen fyrhistorisk verdi med to generasjonar fyrtårn, og er derfor òg freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 292» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Grasøyane fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Grasøyane fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren