Grasrotrørsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grasrotrørsle er innan politikk og organisasjonsliv ei nemning på ei folkerørsle eller folkeaksjon som er organisert frå «folkedjupet». På engelsk er nemninga grassroots movement. Ordet er inspirert av det tyske «Graswurzel». Om det vert organisert ei kunstig grasrotrørsle ovanfrå og ned, vert det på engelsk kalla astroturfing, noko som kan omsetjast med kunstgrasrørsle. Astroturfing er henta frå kunstgras- merket Astroturf. Døme på falske grasrotrørsler er rørsler som vert organiserte av eit føretak eller ei styresmakt. For å organisera ei kunstig grasrotrørsle kan ein til dømes hyra inn eit informasjonsbyrå. Grunnen til at ein kan ynskja å organisera ei slik «kunstig» rørsle er at ei grasrotrørsle ofte har høgt truverde. Ei grasrotrørsle vert sedd på som ei spontan organisering av idealistiske menneske, grunna på dugnad.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ei grasrotrørsle kan gjerne arbeida for å løysa lokale problem. Ofte viser det seg at andre lokalsamfunn har same problemet. Innan miljørørsla er slagordet handla lokalt, tenkja globalt nytta (frå Think Globally, Act Locally). Av dette kjem nemninga glokalisering, som spelar på globalisering.

Grasrotrørsler blir organiserte av eit nettverk av innbyggjarar. Idéen er politisk engasjement for saker, same om det er krav om endring eller å forsvara noko som det er, gjennom krav frå veljarar og samfunnsmedlemmer «nedanfrå», heller enn at eksisterande politiske leiarar styrer prosessen «ovanfrå og ned». Slike aktivitetar forekjem over heile det politiske spekteret.

Teknikkar for grasrotorganisering og lobbyverksemd omfattar dør-til-dør-agitasjon, via telefon, selskap i heimane, møte, plakatar, stands på gata, innsamling av underskrifter, å setja opp informasjonstavler, samla inn pengar frå mange små gjevarar til annonser eller kampanjar, organisera store demonstrasjonar, å få enkeltpersonar til å senda inn meiningsytringar til media og styresmakter, og mobiliseringsaktivitetar som å minna folk på å stemma eller køyra dei til stemmelokala.

I USA meiner dei at den første gongen ordet «grassroots» vart bruka, var då senator Albert J. Beveridge frå Indiana i 1912 sa om det Progressive Partiet, at "dette partiet har komme frå grasrøtene. Det har vakse fram frå jordsmonnet til vanlege folk sine harde naudsyn." [1] Arkivert 2006-06-16 ved Wayback Machine.

Døme[endre | endre wikiteksten]

  • Mahatma Gandhi, organiserte grasrotrørsler i India
  • Den europeiske kampen mot «software»-patent.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]