Grasstjerneblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grasstjerneblom
Grasstjerneblom
Grasstjerneblom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Slekt: Stjerneblomslekta Stellaria
Art: Grasstjerneblom S. graminea
Vitskapleg namn
Stellaria graminea

Grasstjerneblom (Stellaria graminea) er ei urt i nellikfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Grasstjerneblom er ei grasgrøn plante som vert 20-30 cm høg, med jamn og slett stengel. Blada er smale, breiast nedanfor midten, ofte med einskilde hår i kanten. Kronblada er sjeldan lengre enn begerblada, men tokjønna blomstrar har lengre kronblad. Frøa er raudbrune og 1 mm lange.

Grasstjerneblom blømer kring juni i grasbakkar, ved gjerder og i skogkantar. Han er vanleg over heile landet opp til skoggrensa. Han kan danne hybridar med to andre stjerneblomartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grasstjerneblom