Gratangen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gratangen kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Gratangen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Trondenes
Sokn Gratangen
Fellesråd Gratangen
Arkitekt Oskar Norderval
Innvigd 1971
Klokker 2, Olsen Nauen (1971)
Preikestol I tre, teikna av arkitekten
Døypefont I stein/betong, teikna av arkitekten
Altartavle Mosaikk
Orgel Jehmlich Orgelbau (1985)
Sitjeplassar 220
Kart
Gratangen kyrkje
68°41′24″N 17°33′08″E / 68.69°N 17.5521°E / 68.69; 17.5521
Wikimedia Commons: Gratangen kirke

Gratangen kyrkje er ei kyrkje med eit modernistisk formspråk frå 1971 i Gratangen kommune i Troms. Arkitekt for kyrkja var Oskar Norderval.

Bygningen har eit flatt, lågt tak, men to trekanta, loddrette betongplater stikk opp som eit segl. Mellom platene heng kyrkjeklokkene. Bygningen er plassert på ein liten høgd attmed tettstaden Årstein og har ein dominerande posisjon i fjorden, særleg når ein kjem frå Gratangsbotn.

Kyrkja har 220 sitjeplassar.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

I samband med tusenårsskiftet vart eit tilbygg på kyrkjelydssalen ved kyrkja vald som tusenårsstad for kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]