Hopp til innhald

Gratangsfjorden

Koordinatar: 68°43′49.462″N 17°25′42.370″E / 68.73040611°N 17.42843611°E / 68.73040611; 17.42843611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°43′49.462″N 17°25′42.370″E / 68.73040611°N 17.42843611°E / 68.73040611; 17.42843611

Gratangsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Gratangen
Del av Astafjorden
Kart
Gratangen
68°43′54″N 17°22′11″E / 68.7317°N 17.3697°E / 68.7317; 17.3697
Wikimedia Commons: Gratangen (fjord)

Gratangsfjorden eller Gratangen er ein fjordarm av Astafjorden i Gratangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 20 km søraustover til bygdene Fjordbotn og Gratangsbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Grasnes i nord og Hilleshamn i sør. Fjorden går først austover men ved grenda Lavik tar han ein djup sving sørover. Litt sør for Lavik ligg grenda Hesjeberg. Begge desse ligg på austsida. Åkenes er ei anna grend litt lenger sør. Tvers over fjorden for Åkenes ligg bygda Foldvik. Her svingar fjorden austover igjen og smalnar inn ved sundet Årsteinstraumen. Her ligg bygda Årstein, som er administrasjonssenteret i kommunen, på nordsida av fjorden. Her ligg òg Gratangen kyrkje. Fv141 kryssar dette sundet.

Den inste delen av fjorden, innanfor brua, vert kalla Gratangsbotn.

Riksveg 825 går langs heile sørvestsida av fjorden, medan Fv141 går på nordaustsida.