Grateng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provencalsk bohémienne-grateng

Grateng er ein fransk matrett tilreidd i eit eldfast fat i omn. Ordet er frå fransk gratin, avledid av gratter, som betyr skrape eller rive, og viser til at retten tradisjonelt består av restar frå tidlegare måltid.

Ein kan til dømes laga grateng med ost, kjøt, fisk eller grønsaker som potet, blomkål eller aubergine. Over ingrediensane kan ein hella ein mjølkesaus som ein kvit saus som er tilsett egg. Blandinga blir dekka med ost eller brødsmular, som får smørklattar på og blir baka i omn til gratengen får ei sprø, brun overflate.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]