Gravand
Gravand | |
![]() Gravand | |
Gravandhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Gravand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Tadorna |
Art: | Gravand T. tadorna |
Vitskapleg namn | |
Tadorna tadorna |
Gravand (Tadorna tadorna) er ein fugleart i andefamilien.
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Fuglen liknar ei gås med omsyn til kroppsform, storleik, rørsler og flukt. Kjønna liknar kvarandre, men hoa er ikkje like fargesterk som hannen. Fuglen er mykje kvit, med eit hasselbrunt parti på framsida. I paringstida har hannen ein raud knopp mellom augene: nebben er raud. Totallengda er 54-66 cm.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Gravanda hekker langs kystane i store delar av Europa og i tempererte delar av Asia.
Hekking[endre | endre wikiteksten]
Gravanda grev ein gang i ein jord- eller sandbanke. Den indre delen av gangen er vidast, og her forar fuglane botnen med gråkvitt dun. Hoa legg 7-15 heilt kvite egg i mai-juni. Ho rugar medan hannen står vakt i nærleiken, gjerne på ein høg plass. Når hoa går ut for å søke næring dekker ho egga med dun. Ho rugar i 30 døgn, og tidleg etter klekkinga tek dei seg ned til næraste vatn der dei vert vakta av begge foreldra. Dei kan flyge etter 45-50 døgn.
Føde[endre | endre wikiteksten]
Fuglane sym og dukkar godt. Dei et smådyr i sjøen, frø, knoppar og spede planteskot.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Gravand» frå Wikipedia på svensk den 1. mars 2011