Gravebier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravebier
Hagesandbie (Andrena haemorrhoa) Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Hagesandbie (Andrena haemorrhoa)
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Infraorden: Broddkvefsar Aculeata
Overfamilie: Apoidea
Familie: Gravebier Andrenidae

Gravebier (Andrenidae) er ein familie av bier. Familien har nærare 3000 artar og er kjend frå alle verdsdelane. I Noreg er det kjent 41 artar frå familien, dei fleste sandbier (Andrena), men òg to sumarbier (Panurgus) og bringebærbia (Panurginus romani).

Gravebier kan skiljast frå andre bier ved at dei har stutt og kvass tunge, at dei har to loddrette saumar under kvart antennefeste, og at hoene har ei matt fordjuping (fovea) innanfor augo. Familien vert delt inn i fire underfamiliar. Alle gravebier har reir i bakken og femnar mellom anna om mange av artane som flyg tidleg på våren for å henta pollen og nektar frå selje og vier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Gravebier skriven av Frode Ødegaard. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 3.0. Henta 30. mai 2020.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.