Gravimetri

Gravimetri er målinga av styrken til tyngdekrafta. Gravimetri kan nyttast når anten tyngdefeltet eller eigenskapane til stoff som skapar tyngdefeltet skal studerast. Uttrykket gravimetri eller gravimetrisk vert òg nytta innan kjemi for å definere ein klasse med analytiske prosedyrar kalla gravimetrisk analyse, der ein veg ein stoffprøve.
Måleeiningar[endre | endre wikiteksten]
Tyngdekraft vert vanlegvis målt i einingar for akselerasjon. I SI-systemet er standardeininga til akselerasjon 1 meter per sekund i andre (forkorta som m/s2). Andre einingar er gal (stundom kalla galileo, forkorta gal), som er lik 1 centimeter per sekund i andre og g (gn), lik 9.80665 m/s2. Verdien av gn er tilnærma lik akselerasjonen på grunn av tyngdekrafta ved jordoverflata (sjølv om den faktiske akselerasjonen varierer frå stad til stad).
Måleinstrument[endre | endre wikiteksten]
Eit instrument for å måle tyngdekraft vert kalla eit gravimeter, eller gravitometer. Sidan generell relativitet tek omsyn til at ein ikkje kan skjelne tyngdekrafteffekten frå effektane av akselerasjon, kan gravimeter reknast som ei spesialutgåve av akselerometer.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gravimetry» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2010.