Gravkyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravkrkja i Jerusalem.

Gravkyrkja er ei kyrkje i Det kristne kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Kyrkja skal ifølgje kristen tradisjon omfatta både Golgata, staden for krossfestinga av Jesus,[1] og grava som han gjenoppstod frå.[2] Som del av Gamlebyen er kyrkja rekna som ein del av verdsarva av UNESCO.[3]

Kyrkja blei oppført av den romerske keisaren Konstantin den store på 300-talet, og har vore ein kristen valfartsstad sidan. Ho blei herja av dei persiske Sassanidane i 614, og seinare gjenoppbygd av krossfararar i 1130. Kyrkja er seinare blitt øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger. Den noverande kyrkja er frå 1810.

Gravkyrkja blir driven av fleire kyrkjesamfunn i fellesskap. Den gresk-ortodokse kyrkja har største delen av kyrkjeområdet, som også omfattar hovudkvarterte til deira patriark av Jerusalem. Den armenske og den katolske kyrkja er dei to nest viktigaste kyrkjesamfunna i drifta av Gravkyrkja. Dei koptiske, syriske og etiopiske ortodokse kyrkjene har òg delar. Protestantar er ikkje representerte i kyrkja, og mange føretrekk Hagegrava som valfartsstad og mogleg døds- og gravstad for Jesus.

Innan austleg kristendom er kyrkja kjend som Oppstandelsekyrkja (gresk Ναός της Αναστάσεως (Naos tis Anastaseos), armensk Surp Harutyun), medan ho i vestleg tradisjon er kalla for Gravkyrkja eller Kyrkja til den heilage grava (latin: Ecclesia sancti Sepulchri).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Grunnplan for Gravkyrkja på 300-talet

Eusebius fortel i Vita Constantinus at det på staden der Gravkyrkja seinare blei bygd tidlegare stod eit tempel vigd Venus.[4] Den seinare keisaren Konstantin gav i 325 eller 326 ordre om at staden skulle ryddast for å gje plass til ei ny kyrkje. Den heilage Makarius fekk i oppdrag å oppføra henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]