Gray's Anatomy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For fjernsynsserien, sjå Grey's Anatomy.

Ein illustrasjon frå 1918-utgåva.

Henry Gray's Anatomy of the Human Body, mest kjend som Gray's Anatomy, er ei lærebok i menneskeanatomi. Ho vart gjeven ut av den britiske anatomen Henry Gray for første gong i 1858 under namnet Gray's Anatomy: Descriptive and Surgical, og boka er framleis eit godt referanseverk som har mykje innverknad på fagfeltet. Gray's Anatomy har sidan 1858 vorte utvikla vidare av andre forfattarar, og den 40. utgåva av boka vart utgjeven i 2008, 150 år etter den første boka kom ut.

Opphavet til Gray's Anatomy[endre | endre wikiteksten]

Henry Gray

Den engelske anatomen Henry Gray vart fødd i 1825 eller 1827. Han studerte forsterutviklinga av dei endokrine kjertlane og milten, og i 1853 vart han utnemnd til Lecturer on Anatomy ved St. George's Hospital Medical School i London. I 1855 konfronterte han kollegaen sin, Dr Henry Vandyke Carter, med ideen om å lage ei lærebok i anatomi for medisinstudentar. Gray døydde ung i 1861 berre i trettiåra, tre år etter å ha publisert førsteutåva av "Anatomy Descriptive and Surgical" som generasjonar av studentar har døypt om til "Gray's Anatomy".

Gray skreiv boka med studentar og legar som målgruppa, spesielt kirurgar. Etter kvart har verket vorte ein klassikar og særs verdsett som anatomisk lærebok, og seinare redaktørar har brukt store ressursar for å ta vare på boka sin prestisje. Strategien har vore at all den relevante kunnskapen om anatomi som finst, burde finnast i kvar nye utgåve. På 1900-talet var det ei eksplosiv utvikling i tilgjengeleg medisinsk kunnskap. Dette gjorde at boka ville auke kraftig i storleik, og frå den 35. utgåva vart det prøvd å minske storleiken for å gjere boka meir eigna for studentar. Likevel romma den 38. utgåva 2092 sider i et storformat.

Britiske og amerikanske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1860 og 1880 vart læreboka gjeven ut i sju utgåver i Storbritannia, og den niande utgåva kom i 1880. Det har kome ut fleire utgåver av verket i USA og i Storbritannia. Dei britiske og amerikanske utgåvene har ei stund vorte gjevne ut uavhengig av kvarandre, og ulikskap i nummereringa av dei to utgåvene har derfor vore ei årsak til forvirring, særleg for dei som var ute etter spesielle utgåver.

Seinaste utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den 40. utgåva kom ut 26. september 2008 i Storbritannia. Forlaget Churchill Livingstone gjev ut læreboka i Storbritannia mens C.V. Mosby (Churchill Livingstone i USA) gjev ho ut i New York. No er bøkene nesten identiske, men med små skilnader på grunn av forskjellig engelsk og amerikansk medisinsk terminologi.

Bakgrunnsstoff og referansar[endre | endre wikiteksten]