Green Desert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Green Desert
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Januar 1986
Innspelt Skyline Studios i Berlin
august 1973 med ekstra remiksing i 1984
Sjanger Elektronisk, krautrock
Lengd 38:22
Selskap Jive Electro
Produsent Edgar Froese, Christoph Franke
Tangerine Dream-kronologi 
Le Parc
(1985)
Green Desert Pergamon
(1986)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Green Desert er det 27. albumet og det 15. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i januar 1986. Musikken vart spelt inn i Berlin i 1973, i ein periode då Peter Baumann hadde reist frå Tyskland til Nepal og India.[2] Sjølv om albumet ikkje kom ut på den tida, var det denne innspelinga som fekk Tangerine Dream ein platekontrakt hos Virgin Records då dei høyrde opptaka.[3]

Gruppa hadde nyleg fått nytt utstyr, mellom anna ein Minimoog, ein phaser, og ein EKO ComputeRhythm trommemaskin, som kunne førehandsprogrammerast og/eller endrast undervegs medan han spelte. Chris Franke rekna dei seks[4] interne lydane som «ganske elendige», men på grunn av fleksibilteten som sekvensator, kunne han seinare endrast til å kontrollere eksterne lydkjelder.[3] Denne rytmiske effekten vart nytta på fleire av dei seinare albuma til Tangerine Dream.

Det var nok materiale på for eit nytt album, men sidan Baumann ikkje hadde vore med på innspelingane, vart dei samde om å setje dei til sides. Då Baumann kom attende frå reisa si, vart ikkje Green Desert fullført. I staden gjekk dei i gang med Phaedra. I 1984 henta Froese fram att dei gamle opptaka og omarbeidde det til eit heilt album, med noko nyinnspelingar og heile albumet miksa på ny. Albumet var inkludert i ein boks med seks plater kalla In the Beginning. Sidan kom albumet ut som sjølvstendig album.[2]

Edgar Froese sa i 1986: «Det finst bokstavleg talt hundrevis av timar med Tangerine Dream-musikk som ikkje er utgjeven. Me eig tre studio i Tyskland, og når me ikkje turnerer arbeider me i desse ti timar om dagen. Me må lage musikk. Me klarar ikkje stoppe. Green Desert burde ha kome ut før Phaedra. Me hadde akkurat fått den første analoge sequencer-en vår og byrja å leike oss med den, men så fekk med eit tilbod frå Virgin Records om å bruke deira Manor Studios i 1973, så me skrinla opptaka og byrja på nytt.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Edgar Froese og Christopher Franke.

Nr.TittelLengd
1.«Green Desert»19:25
2.«White Clouds»5:01
3.«Astral Voyager»7:03
4.«Indian Summer»6:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

  • Pete Beaulieu – lydteknikar
  • Mark Weinberg – design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Green DesertAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Green Desert, The Collector's Tangerine Dream Discography
  3. 3,0 3,1 Pendergast, Mark (December 1994). «Tangerine Dream: Changing Use of Technology, Part 1: 1967-1977». Sound On Sound (SOS Publications Group). 
  4. Synthhead (25. august 2009). «The EKO ComputeRhythm – Jean Michel Jarre’s Drum Machine». Synthtopia (på engelsk). Henta 15. juli 2020.